Fiskarane som ville utvikle lokalsamfunnet

Brørne Daniel og Ruben Fedøy skulle kjøpe eigen båt og ha ei framtid som fiskarar. Men i staden kjøpte dei nærbutikken og satsa på lokal næringsutvikling. No er dei engasjert i alt frå havhotell og sykkelutleige til kafédrift og tare-dyrking.

Brødrene Fedøy_Bulandet.jpg

ENTREPRENØRAR: Daniel og Ruben Fedøy er opptatt av å utvikle både butikken og resten av lokalsamfunnet. Foto: Torhild Måkestad Martinussen, Fiskeribladet

Daniel og Ruben Fedøy er født og oppvaksne på Bulandet, ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Dei er utdanna maskinistar og har reist mange år til sjøs, både på kystnotbåtar og det som større er.

Planen var å satse på fiskaryrket ved å kjøpe sin eigen båt. Men dei mangla skipparpapir, og det var ikkje råd å få lån, verken frå bankar eller Innovasjon Norge.

For sju år sidan vart det klart at dei gamle eigarane av Joker-butikken på Bulandet ville selje, etter 60 års drift. Fedøy-brørne hoppa i det med begge føtene, utan å ha peiling på butikkdrift.

- Vi såg at butikken var alvorleg viktig for bygda. Utan butikk ville det ha blitt fråflytting. Vi var ikkje i tvil om at folk ville støtte oss, dersom vi satsa som kjøpmenn. Det er eit velvillig folk som bur her ute. Satsar du, så får du ei enorm støtte, seier Daniel Fedøy til Fiskeribladet.

Måtte lære butikkdrift

Dei nye kjøpmennene lærde grunnleggande butikkdrift ved å delta i Merkurs kompetanseprogram. I dag har dei tilsett ein dagleg leiar i butikken, pluss ein kokk på kafeen som ligg vegg i vegg med butikken. Sjølv brukar dei det meste av tida på næringsutvikling i vid forstand.

Handelen har stige jamt og trutt etter at dei overtok butikken. I fjor omsette Joker Bulandet for 10 millionar kroner. Kaféen Havsalaten gav eit bidrag på ytterlegare ein million kroner.

Butikken har hatt som bevisst strategi å vere engasjert i det som skjer i lokalsamfunnet. Det er moro å arbeide med det som kan skape utvikling.
— Ruben Fedøy, butikkeigar på Bulandet

Så langt har ikkje dei to brørne tatt ut ei krone på drifta. Ti millionar kroner er akkurat nok til å lønne dei tilsette og betale alle utgifter. Men dei håper på eit lite overskot i 2017.

Assortert landhandel

Butikken på Bulandet fungerer som ei gammaldags landhandel. I tillegg til daglegvarer, har dei også ei jarnvareavdeling. I tillegg sel dei fiskeutstyr, diesel og bensin, byggjevarer – og tilbyr sykkelutleige for turistar.

- Det er dette med å ha alt, då lokkar du folk hit. Alt i alt lønner det seg. Kaféen drar kundar til butikken og vise versa. Den har blitt eit samlingspunkt, seier Daniel Fedøy.

Fedøy-brørne har gjennomført investeringar for 3,5 mill. kr sidan dei overtok butikken i 2011. Merkur har gitt tilskot på til saman 1,5 mill. kr, hovudsakleg til drivstoffanlegg og utbygging og oppgradering av butikk og kafé.

Bulandet er eit fiskerisamfunn. Både sjarkar og lystbåtar kjem til butikken for å bunkre. Større kystnotbåtar brukar også lokalbutikken for å fylle opp med proviant og bunkers. Det er viktig for lønsemda til butikken.

Bulandet leverer til fiskebåt_red.jpg

PROVIANT: "Hillersøy" er ein av dei lokale båtane som kjøper proviant på butikken på Bulandet før dei drar ut på fiske.

Satsar på taredyrking

Daniel og Ruben Fedøy har kjøpt den nedlagde fiskemottaket på øya. Herifrå blir det levert is til dorgarane. I haust starta dei opp igjen mottak av fisk til Bulandet, gjennom samarbeid med eit mottak i Nordhordland.

Kjøpmennene har, i samarbeid med eit anna lokalt firma, etablert ei heilt ny bedrift som satsar på taredyrking. Dette året har Seaweed produsert 12 tonn tare, og målsettinga er å kome på marknaden med eit kommersielt matprodukt alt til sommaren.

Bulandet Joker-butikken m kai.jpg

ØYSAMFUNN: Fedøy-brørne er opptatt av samfunnsutvikling i vid forstand. Derfor har dei satsa på utvikling av både handel, reiseliv og fiskeindustri på Bulandet.

Dei to brørne har også vore med på å byggje opp eit nytt reiselivsprodukt, Værlandet Havhotell, som går godt.

- I eit lite samfunn som Bulandet så er det slik at alt heng i hop, både når det gjeld folk og bedrifter. Butikken har hatt som bevisst strategi å vere engasjert i det som skjer i lokalsamfunnet. Når næringslivet står saman, kan vi få til vekst. Det er moro å arbeide med det som kan skape aktivitet på kaia og utvikling i lokalsamfunnet, seier Ruben Fedøy.

LES MEIR: Butikken i Bulandet illustrerte Handle lokalt-kampanjen 2017