Prisdryss til Hardanger-butikk

Nærbutikken Grimo i Hardanger får stadig nye prisar. I fjor fekk butikken Ullensvang kommunes kultur- og miljøpris. I vinter kom prisen for beste sosial møteplass i Nærbutikken-kjeda. No har den vesle butikken fått Merkurs pris for årets nærbutikk i Hordaland.

Siri Kolstø Aarekol_ Inge Ryan.jpg

UNG VINNAR: Kjøpmann Siri Kolstø Aarekol fekk diplom, blomster og helsing frå statsråden då butikken på Grimo vart kåra til årets nærbutikk i Hordaland. T.v. styreleiar Inge Ryan i Merkur-programmet.

Den siste prisutdelinga skjedde på Merkurs regionkonferanse i Bergen for kjøpmenn frå Hordaland. Styreleiar Inge Ryan delte ut diplom og blomster til kjøpmann Siri Kolstø Aarekol, som har hatt ansvaret for butikken dei to siste åra.

- Årets Merkur-butikk har gjennomført ein snuoperasjon som det står respekt av. Etter fleire år med negativ utvikling snudde dei økonomiske nøkkeltala i positiv retning, med auka omsetning og pluss på botnlinja, går det fram av grunngjevinga for prisen.

Satsar på møteplassen

Nærbutikken i Sørfjorden, på strekninga mellom Odda og Utne, har tøff konkurranse og må vise kundane at dei er meir enn ein vanleg nærbutikk. Butikken satsar sterkt på service og er opptatt av å fungere som sosial møteplass. For å få dette til vil dei samarbeide med lokale organisasjonar som idrettslag, bygdekvinnelag og ungdomslag.

- Vi er ikkje best på verken pris eller utval, men vi stiller sterkt med det vesle vi har. Vi vil ha fokus på service, vere ein møtestad, skape tilhøyrsle og skape gode relasjonar med dei kundane vi har, seier butikken i sin presentasjon på Facebook.

Grimo-butikken er veldig engasjert på Facebook og ser på det som ein viktig kanal for å nå ut til kundane. Dei tilsette er ikkje redde for å by på seg sjølve, både på bilete og videoar.

Kunst og treningssenter

I den romslege kaffikroken kan kundane slå av ein prat med naboen. Her blir det arrangert helgekafé, strikkekafé, bildeframvisingar og konsertar. Her er også leikerom for dei minste, turistinformasjon og gratis internett.

Kaffekroken har også eit kunst-galleri, med alt frå lokale til verdskjende utstillarar. For kvar ny utstillar blir det arrangert galleriopning med underhaldning. Det er også etablert eit treningssenter i tilknyting til butikken.

Kundane kan bestille varer via epost, Facebook eller telefon og få varene levert på døra.

Aktivitetar for ungdom

Butikken har eit stort uteområde ned mot fjorden, også kjent som «Kaien Møteplass». Her blir det arrangert konsertar, ungdomsklubb og quiz. Om sommaren er det pub og dans under open himmel.

Det blir også arrangert bading i samarbeid med 4H, med tilbod om gratis tube-kjøring og grilling. For å gjere badinga lettare for store og små er det investert i stupetårn og stige ned i sjøen.

Ullensvang kommune gav butikken kultur- og miljøpris fordi butikken har laga ein sosial møteplass i bygda med kafé, kunstgalleri og trimsenter. Butikken har sett potensialet i kai-området og etablert aktivitetar for ungdom like mykje som for eldre.

Under prisutdelinga vart det lest opp ei helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner som gir uttrykk for at nasjonale styresmakter er heilt avhengige av lokale eldsjeler i sitt arbeid med å styrke tilgangen på daglegvarer og andre grunnleggande tenester for folk.