Merkur får også 4 mill. kr ekstra i 2017

Regjeringa går inn med ei ekstra løyving til Merkur i budsjettet for 2017. Kommunaldepartementet har auka løyvingane til støtteordningane med 4 millionar kroner. Det betyr Merkur kan starte opp igjen arbeidet med å formidle tilskot til investeringar og utvikling av distriktsbutikkar.

Jan Tore Sanner opnar Batalden kafebygg 3.jpg

VIKTIG ARBEID: Kommunalminister Jan Tore Sanner tilfører ekstra midlar til Merkurs støtteordningar. Illustrasjon: Opning av kafeavdeling ved Batalden landhandel i Flora.

Ekstraløyvinga på 4 millionar kroner for 2017 kjem på toppen av budsjettforliket i Stortinget, der dei fire ikkje-sosialistiske partia vart samde om å auka løyvinga til Merkur med 10 millionar kroner for 2018.

- Den store interessa for investeringsstøtte syner at det er stor framtidstru hos distriktsbutikkar rundt om i Norge. Når vi no fyller opp potten for denne støtteordninga, håper eg at det kjem inn mange nye, gode søknadar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ein kommentar.

- Gjennom Merkur-programmet får vi styrka tilgangen til grunnleggande, private tenester i område med få innbyggarar. Dette er god distriktspolitikk, legg Sanner til.

Tar imot søknader

Merkur forvaltar ei investeringsstøtteordning, kor butikkdrivarane kan søke om tilskot for å modernisere og vidareutvikle butikkane sine. Etterspurnaden etter investerings-støttemidlane har vore stor i 2017, og heile løyvinga til dette føremålet blei brukt opp allereie i september.

Dette er bakgrunnen for at regjeringa no foreslår å auke løyvinga med fire millionar kroner for 2017, slik at butikkane kan halde fram med det viktige arbeidet med å utvikle butikkane.

Butikkar som har behov for støtte i 2017, kan no ta kontakt med Merkur og søkje om midlar, innafor det regelverket som gjeld for støtteordningane.

Regjeringa sitt siste vedtak inneber at løyvinga for 2017 blir auka frå 37,3 millionar kroner til 41,3 millionar kroner. For 2018 blir det sett av 48,3 millionar kroner til Merkur-programmet etter budsjettforliket.

Bu i heile landet

Merkur-programmet bidreg til å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet av daglegvarebutikkar i område med små marknader.

- Vi ønsker ein enklare kvardag for innbyggarane og at det skal vere mogeleg å bu i heile landet. Eit viktig bidrag er å ha eit godt daglegvaretilbod nær der folk bur i distrikta. Å samle ulike tenester i butikken bidreg også til betre tenester, seier kommunalminister Jan Tore Sanner

 - Mange av butikkane har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hos butikkdrivaren og i lokalbefolkninga. Nasjonale styresmakter støttar opp om denne lokale krafta og viljen til å utvikle lokalsamfunnet, gjennom Merkur-programmet, seier statsråd Sanner.

PRESSEMELDING: Her er pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet