10 millionar kroner ekstra til Merkur !

Merkur-programmet får 10 millionar kroner ekstra i statsbudsjettet for 2018. Kristeleg Folkeparti fekk fullt gjennomslag for sitt krav om auka løyvingar til utvikling av distriktsbutikkar.

Hareide_Ropstad.jpg

VINNARAR:  Knut Arild Hareide og finanspolitisk talsmann Kjell Ingolf Ropstad fekk gjennomslag for Krf sitt krav om større løyvingar til Merkur-programmet.

Regjeringa hadde foreslått ei løyving på 38,3 millionar kroner til Merkur-programmet i sitt budsjettforslag for 2018. Dette var ein million kroner meir enn det Stortinget gav til kompetanseprogrammet og støtteordningane for 2017.

Kristeleg Folkeparti foreslo i sitt alternative statsbudsjett at løyvinga til Merkur skulle aukast med 10 millionar kroner, til 48,3 millionar kroner.

Dette vart også resultatet etter fleire veker med harde forhandlingar mellom Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Budsjettavtalen mellom dei fire partia blir no lagt fram for Stortinget. Endeleg vedtak om budsjettet for 2018 blir gjort i Stortinget 18.desember.

Måtte stramme inn

Merkur har relativt stabile budsjett dei siste åra, etter at dagens investeringsstøtteordning kom på plass i 2010 og ordninga med investeringsstøtte til drivstoffanlegg vart innført i 2012.

Etterspørselen etter investeringsstøtte og anna økonomisk støtte til distriktsbutikkane er aukande. I fjor vart midlane brukt opp i løpet av november månad. I haust gjekk Merkur tom for midlar til investeringsstøtte i midten av september.

Programstyret for Merkur måtte stramme inn på regelverket for tildeling av støtte for at midlane skulle vare så lenge som mogleg.

Dersom ikkje Merkur hadde fått tilført ekstra midlar for 2018, ville styret måtte diskutere ytterlegare innstrammingar for neste år.

Står sterkt politisk

Ekstraløyvinga til Merkur for 2018 er eit vitnemål om at utviklingsprogrammet står sterkt i det politiske miljøet på Stortinget. Fleire av partia har nemnt Merkur i sine politiske program:

  • Kristeleg Folkeparti seier i sitt program at dei vil «styrke Merkur-programmet, fordi nærbutikken er vesentleg, både som tenesteleverandør og møteplass». 
  • Senterpartiet seier at dei vil «styrkje Merkur-programmet for å sikre butikkar på små stader»
  • SV seier at «støtteordninga for små distriktsbutikkar må vidareførast»

SV har foreslått ei ekstra løyving på 2 millionar kroner til Merkur i sitt budsjettforslag for 2018.