Årets butikk på Nordvestlandet

Han har rusta opp butikken, gitt øya ein møteplass og blitt ein talsmann for nærbutikkane i distrikta. No har Hans-Jacob Sunde og Nærbutikken Rognaldsvåg fått pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet.

Helge Schei_Hans-Jacob Sunde_Årets butikk.jpg

PRISVINNAR: Hans-Jacob Sunde (t.h.) har beste nærbutikk på Nordvestlandet. T.v. dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet som stod for prisutdelinga. Foto: Sissel Karin Hals

- Kjøpmannen har skapt ein livsnerve i bygda med butikken og kaffikroken som sentrum. Butikken framstår i dag med ein butikk-kvalitet som overgår det ein kan forvente i eit lite lokalsamfunn, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Prisen vart utdelt av dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet på ei konferanse for nærbutikk-kjøpmenn  i Førde.

Betre butikktilbod

Nærbutikken Rognaldsvåg har dei siste åra gjennomgått ei utvikling i butikktilbodet. Kjøl og frys er oppgradert, og butikken har fått ny innreiing, med god støtte frå Merkur-programmet.

Butikken er av dei mest aktive i bruk av butikken som sosial arena, og det blir jobba godt med å skape ei aktiv bygd. Butikken samarbeider godt med grendelaget og det blir skapt ein variasjon i tilbod i bygda som skaper bulyst og trivsel både for hyttefolk, besøkjande og fastbuande.  Hans-Jacob Sunde er ei viktig drivkraft i dette arbeidet.

Talsmann for dei små

Gjennom samarbeid med ei anna eldsjel i lokalsamfunnet, Ingrid Reksten, har kaffikroken blitt ein viktig møteplass for øya. Her er det aktivitetar nærast kvar helg året rundt.  Her vert det servert alt frå middagar til enkle måltider tilpassa det kunden spør etter.  Og kaffikoppen står alltid klar for dei som ønskjer å sette seg ned og ta ein prat med sambygdingar eller besøkjande.

Hans-Jacob Sunde er opptatt av at distriktsbutikkane skal ha best muleg vilkår i eit samfunn som stadig blir meir sentralisert og der det blir lagt opp til større einingar i alle ledd. Sunde er ikkje redd for å stå fram som talsmann for distriktsbutikkane. Han er heller ikkje vanskeleg å spørje til råds når andre kjøpmenn står fast i eit faglege spørsmål.

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK Dagsrevyen besøkte Hans-Jacob Sunde for å lage reportasje om ordninga med servicestøtte til småbutikkar

Under prisutdelinga vart det lest opp ei helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner som gir uttrykk for at nasjonale styresmakter er heilt avhengige av lokale eldsjeler i sitt arbeid med å styrke tilgangen på daglegvarer og andre grunnleggande tenester for folk.