330 deltar i lokalhandel-kampanje

330 butikkar har så langt meldt seg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 22.oktober. Merkur-programmet tilbyr materiell både for nærbutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge.

Martin Sande_Per Kjetil Jørgensen.jpg

HANDLE LOKALT: Martin Sande (t.v.) og Per Kjetil Jørgensen har hatt det hektisk med pakking av kampanjemateriell dei siste vekene. Foto: Sissel Karin Hals.

300 daglegvarebutikkar har bestilt materiell for å gjennomføre ein nærbutikk-dag, i samarbeid med gode krefter i bygda. Det er trykt opp heilt nye kampanje-plakatar for årets kampanje.

30 bokhandlar deltar også i lokalhandel-kampanjen. I fjor vart det for første gong laga eige materiell for bokhandlane, i form av eit bokmerke med gode argument for lokal bokhandel. I år er det laga ny design på bokmerket og trykt opp merke både bokmål og nynorsk.

Sekretariatet i Merkur har dei to siste vekene hatt det travelt med utsending av kampanje-materiell. Dei fleste butikkane har no fått tilsendt  plakatar, bokmerke, ballongar og klistremerke.

Det er femte året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Merkur tilbyr gratis kampanje-materiell. Butikkane får i år også hjelp til å gjennomføre ein kampanje på Facebook, med innlegg som seier noko om kor viktig det er å handle lokalt og velje nærbutikken.

Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar på kampanjedagen, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn.

HAR DU GLØYMT Å MELDE DEG PÅ?  Her kan du melde deg på Handle lokalt-kampanjen