15 bokhandlar får hjelp til utvikling

15 små bokhandlar i distrikts-Norge får støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. Bokhandlane får inntil 50.000 kr til å utvikle butikken som sosial og kulturell arena.

Astri Larsen_Monica Espedal.jpg

FÅR STØTTE: Astrid Larsen og Monica Espedal ved Leselysthuset i Rognan får støtte frå Merkur til utvikling av bokhandelen. Foto: Helge Simonsen, Saltenposten

18 bokhandlar søkte om statleg utviklingsstøtte då den nye støtteordninga vart lansert tidleg i haust. Det var langt fleire enn sekretariatet i Merkur hadde rekna med.

Styret for Merkur-programmet hadde sett av 500.000 kr og var i utgangspunktet innstilt på å fordele midlane på opptil 10 bokhandlar. Men ettersom responsen frå bokhandlane var så stor, valde styret å fordele dei avsette midlane på 15 bokhandlar i staden for 10. Tre av  søkjarane fekk avslag på søknadene fordi dei fall utanfor regelverket.

Bokhandlane har no fått tilsegn på mellom 17.000 og 50.000 kr til tiltak som kan utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til  dømes hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Viktig kulturberar

Merkur-programmet har erfart at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. Dette er bakgrunnen for den nye støtteordninga for bokhandlar.

– Bokhandelen er ein viktig kulturberar i mange lokalsamfunn rundt om i Noreg. Bokhandlane kan vere meir enn ein plass ein kjøper bøker, dei kan vere gode, kulturelle møteplassar. Den nye støtteordninga skal gjere det lettare for bokhandlane å gjennomføre omstilling og styrke drift og lønsemd i verksemda, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner då ordninga vart lansert.

Einaste bokhandel

Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i distrikts-Norge. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner.

Mange distriktsbokhandlarar står ovanfor store utfordringar knytt til omstilling, mellom anna fordi dei miste skuleboksalet for nokre år sidan. Netthandel og auka sal av bøker i daglegvarebutikkar gjer at bokhandlane strevar med å halde oppe omsetnaden.

Merkur-programmet som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet verktøy for å utvikle distriktsbutikkar, har arbeidd med utvikling av bokhandlar i Norge sidan 2008. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar deltar i dag i nettverket Merkur Bok.

Her er oversikt over kva for bokhandlar som har fått tilsegn om støtte for 2017:

Utviklingsstøtte bokhandlar 2017.jpg