Slo eit slag for lokal handel

Nærbutikk-dagen 2017 fekk rekord-oppslutning. 380 nærbutikkar og bokhandlar over heile landet markerte kampanjedagen for lokal handel på laurdag, med ekstra kunde-aktivitetar av ulike slag. Ved Coop Marked Fjelli stilte lokale produsentar opp med sal av lokalmat utanfor nærbutikken.

Roar Bergset handlar brød hos Hilde Caroline Roset.jpg

STEINOMN-BRØD: Hilde Caroline Roset (t.h.) fekk avsetning på brøda frå bygdas vedfyrte steinomn. Her er det Roar Bergset som sikrar seg godt bakverk.  

Det er sjette året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Oppslutninga om «Handle lokalt» har auka for kvart år. I fjor var det 375 butikkar som markerte Handle lokalt-dagen. I år var det 335 daglegvarebutikkar og 45 distriktsbokhandlar som slo eit slag for handel på lokale butikkar.

Lokale produsentar

Ved Coop-butikken på Fjelli i Nordfjord var det lagt til rette for utservering og sal av mat frå lokale produsentar. Helen og Nils Sølvberg selde lefser og lappar frå eige gardsbakeri. Roset og Ulvedal bielaug hadde tappa årets honning på små glas, medan Hilde Caroline Roset baud på ferske bakverk frå den vedfyrte steinomnen som bygda har etablert i kulturparken Sagedammen.

Coop Marked Fjelli.jpg

STILTE OPP: Lokale produsentar laga lokal marknad utanfor butikken, til glede for kjøpmann Karoline Lunde. Bak (f.v.): Siri Ulvedal, Marianne Roset, Nils Sølvberg og Helen Sølvberg. Framme: Hedda Sølvberg, Karoline Lunde og Hilde Caroline Roset.

Lokalmat-tilbodet vart godt mottatt, men ein kald vind gjorde at nokre av kundane heller valde å setje seg ned i kaffikroken på butikken. Her var det dessutan tippekonkurranse for born og ein konkurranse for vaksne der dei kunne vinne eit lammelår ved å skrive namn og telefonnummer på kasselappen.

Fjelli er ei bygd med stort engasjement og godt samhald. Dagen etter Handle lokalt-dagen skulle det vere klubbe-kveld og basar på ungdomshuset, like ved butikken. Neste helg er det lokal musikkfestival.

Karoline Lunde_Rannveig Bergset.jpg

KONKURRANSE: Rannveig Bergset (t.h.) nyttar høve til å delta i konkurransen om å vinne eit lammelår. T.v. dagleg leiar Karoline Lunde ved Coop marked Fjelli.

Norske grønsaker

Lenger aust i Stryn kommune ligg Joker Hjelledalen. Her vart kampanjedagen markert ved at Britt Sørum frå Oppstryn bygdekvinnelag serverte gratis grønsaksuppe til alle kundar. Bygdekvinnelaget har valt å slå eit slag for norske grønsaker ved å stille opp på nærbutikkar over heile Norge. I Hjelledalen valde dei å samordne denne kampanjen med årets Nærbutikkdag.

Joker Hjelledalen_Britt Sørum_Oppstryn bygdekvinnelag.jpg

BYGDEKVINNER: Britt Sørum (bak) serverte gratis suppe med helsing frå det lokale bygdekvinnelaget.

Dagleg leiar Gunn Sørum ved Joker-butikken kunne elles by på flott marsipankake til kundane i kaffikroken.

Butikken som ligg langs hovudvegen over Strynefjellet, merkar stor forskjell på sommar- og vintertrafikk. I høgsesongen må dei ta i brukei ekstra kasse for å ta hand om turistane. Vinterstid er dei heilt avhengig av at bygdefolket sluttar opp om lokalbutikken sin.

Joker Hjelledalen m kake_Gunn Sørum.jpg

FESTKAKE: Dagleg leiar Gunn Sørum sette ekstra pris på kundane, med ei velsmakande marsipankake.

Bygdas samlingsplass

Nærbutikk-dagen vart markert på ulike måtar over heile landet. På Åna-Sira ved Flekkefjord var det frukost, kake og visning av det nye loftet over butikken som skal bli bygdas nye samlingstad. Det nye lokalet er finansiert med støtte frå Merkur-programmet.
- Det er flott at Merkur markerer nærbutikkane med ein eigen dag. Det gjer at vi kan setje meir fokus på å få folk til å handle lokalt, samtidig som vi kan få lov til å gjere noko gøy for kundane våre, seier dagleg leiar Marianne Fossedaltil avisa Agder.

Øyna landhandel på Andabeløy fekk Flekkefjord-ordførar Jan Sigbjørnsen på besøk. Han gav ros til den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned for at nærbutikkane skal bestå.


- Nærbutikken er viktig, ikkje minst for fastbuande. I tillegg er turistane flinke til å bruke butikkane, sa han til Agder.

LES MEIR: Avisa Agders reportasje om nærbutikken på Åna-Sira.