380 butikkar i lokalhandel-kampanje

380 butikkar har meldt seg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 22.oktober. Det er ny rekord for Merkur-programmet. Aldri tidlegare har så mange nærbutikkar slått eit slag for lokal handel.

Montasje Handle lokalt 17 - 2 copy.jpg

SYNLEG: Bodskapen om lokal handel er synleg både i lokalaviser og gjennom plakatar i butikkane.

335 daglegvarebutikkar over heile Norge vil gjennomføre ein kampanjedag for lokal handel laurdag. I tillegg kjem 45 distriktsbokhandlar, som også er med på aksjonen.

Det er femte året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar på kampanjedagen, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn.

DESSE ER MED PÅ KAMPANJEN:
335 nærbutikkar
45 distriktsbokhandlar