Viktig info om støtte for 2017

Merkur vil ta imot søknader til fem forskjellige støtteordningar for nærbutikk og bokhandel i 2017. Skjema for søknader om investeringsstøtte, utviklingsstøtte og støtte til drivstoffanlegg vil bli lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no om kort tid. Det er ikkje mogleg å registrere nye søknader før dette er klart.

SNART KLART: Skjema for søknad om investeringsstøtte for 2017 blir lagt ut på nett om kort tid.

Dei nye ordningane med servicestøtte til daglegvarebutikkar og utviklingsstøtte til bokhandlar vil bli klargjort for publisering på eit seinare tidspunkt.

Søknader om investeringsstøtte som vart sendt inn på slutten av fjoråret, er overført til 2017. Det er såleis ikkje nødvendig å sende inn ein søknad på nytt, dersom du har ein søknad liggande klar på nettstaden www.regionalforvaltning.no.

Minstesum på 25.000 kr

Det blir ingen endringar i 2017 i regelverket for ordninga med investeringsstøtte til nærbutikk, når det gjeld vilkår knytt til omsetning eller avstand. Men det blir presisert at minimum støttebeløp må vere på 25.000 kr.

Dette blir gjort for å unngå mange småsøknader, som krev unødig mykje tid til sakshandsaming og oppfølging – både for Merkur og søkjaren. Det er ønskjeleg at butikkane går gjennom eigne behov og lagar ein samla plan for investeringar det komande året.

Det blir ingen endringar i regelverket for investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Slutt på aktivitetsstøtte

Ordninga med utviklings- og aktivitetsstøtte blir no endra til ei ordning med utviklingstøtte. Det betyr at butikken ikkje lenger kan få tilskot til reine aktivitetar. Utviklingsstøtte skal gå til konkrete utviklingstiltak, lokalsamfunnstiltak, kompetansetiltak mm.

Også her blir det innført ei minimumsgrense på 25.000 kr. Maksimal støtte er som tidlegare på 50.000 kr.

To nye støtteordningar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har varsla at det blir innført to nye støtteordningar i 2017. Dei aller minste daglegvarebutikkane skal få betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet. Og bokhandlane kan få støtte til å utvikle butikken som ein sosial og kulturell møteplass.

Servicestøtta vil gjelde for butikkar med under 3,0 millionar kroner i daglegvare-omsetnad og minst 20 km avstand til neste butikk. Desse butikkane vil kunne få 100.000 kr i støtte som betaling for den service som dei gir til lokalsamfunnet. Butikkar som får servicestøtte, vil ikkje samtidig kunne få utviklingsstøtte.

Bokhandlar i distrikts-Norge vil for første gong kunne få utviklingsstøtte til tiltak som vil styrke butikken som sosial og kulturell arena. Kvar butikk kan søkje om inntil 50.000 kr.

Søknadsskjema til dei to nye støtteordningane vil bli lagt ut på www.regionalforvaltning.no når ordningane er klare for publisering.

LES MEIR: Her er oversikt oversikt over dei nye støtteordningane