No kan du søkje om støtte for 2017

No kan du søkje om støtte til investeringar i butikk og drivstoffanlegg for 2017. Merkur tar også imot søknader om utviklingsstøtte. Dei nye ordningane med servicestøtte til daglegvarebutikkar og utviklingsstøtte til bokhandlar vil bli klargjort for publisering på eit seinare tidspunkt.

SØK: Merkurs støtteordningar for nærbutikk er klar for nye og gamle søkjarar. (Illustrasjonsfoto frå Mausund)

Merkur forvaltar fem forskjellige støtteordningar for distriktsbutikkar i 2017. Alle skjema vil bli lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no etter kvart som dei vert klare.

Søknader om investeringsstøtte som vart sendt inn på slutten av fjoråret, er overført til 2017. Det er såleis ikkje nødvendig å sende inn ein søknad på nytt, dersom du har ein søknad liggande klar på www.regionalforvaltning.no.

Minstesum på 25.000 kr

Det blir ingen endringar i 2017 i regelverket for ordninga med investeringsstøtte til nærbutikk, når det gjeld vilkår knytt til omsetning eller avstand. Men det blir presisert at minimum støttebeløp må vere på 25.000 kr.

Dette blir gjort for å unngå mange småsøknader, som krev unødig mykje tid til sakshandsaming og oppfølging – både for Merkur og søkjaren. Det er ønskjeleg at butikkane går gjennom eigne behov og lagar ein samla plan for investeringar det komande året.

Det blir ingen endringar i regelverket for investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Slutt på aktivitetsstøtte

Ordninga med utviklings- og aktivitetsstøtte er no endra til ei ordning med utviklingstøtte. Det betyr at butikken ikkje lenger kan få tilskot til reine aktivitetar. Utviklingsstøtte skal gå til konkrete utviklingstiltak, lokalsamfunnstiltak, kompetansetiltak mm.

Også her blir det innført ei minimumsgrense på 25.000 kr. Maksimal støtte er som tidlegare på 50.000 kr.

To nye støtteordningar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har varsla at det blir innført to nye støtteordningar i 2017. Dei aller minste daglegvarebutikkane skal få betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet i form av ei servicestøtte. Og bokhandlane kan få støtte til å utvikle butikken som ein sosial og kulturell møteplass.

Søknadsskjema til dei to nye støtteordningane vil bli lagt ut på www.regionalforvaltning.no når ordningane er klare for publisering.

LES MEIR: Her er oversikt oversikt over dei nye støtteordningane