Fekk statsministeren på besøk

Merkur-butikken i Fjærland fekk fint besøk av statsministeren. Erna Solberg tok seg tid til ein med kopp kaffi og hyggeleg prat med bygdefolket, midt mellom to viktige besøk i Sogndal og Førde.

FINT BESØK: Bente Resaland Skeide (t.v.), statsminister Erna Solberg, Ann Elisabeth Morken og Merkur-konsulent Ronny Mowatt på Joker Fjærland. Foto: KMD

Statsministeren vart tatt godt imot at Bente Resaland Skeide og Ann Elisabet Morken som har drive Joker-butikken i fellesskap sidan 2010.

Ho møtte også Merkur-konsulent Ronny Mowatt som kunne orientere om Merkurs rolle som støttespelar for butikken.

- Det er veldig kjekt at politikarane nyttar anledninga til å sjå kvardagslivet rundt om i bygdene. Vi set pris på at statsministeren tok turen til Fjærland, seier Claus Kvamme som vore ei eldsjel når det gjeld utviklinga av Bokbyen i Fjærland.

Butikk er viktig

Erna Solberg sa at Fjærland er ein av dei absolutt vakraste stadane i Norge, med fjord og fjell og Jostedalsbreen over det heile.

- Det er viktig å ha ein nærbutikk i slike bygder. Derfor gir vi støtte til fornying og endringar gjennom Merkur-programmet, sa ho til NRK Sogn og Fjordane.

Claus Kvamme_Frida Melvær_Erna Solberg.jpg

KAFFIPRAT: Claus Kvamme og stortingskandidat Frida Melvær(H) møtte Erna Solberg på lokalbutikken i Fjærland. Foto: KMD

Satsa eigne pengar

Joker Fjærland er einaste butikktilbod for dei 260 personane som bur i bygda. Sommarstid er det mange turistar i bygda, men om vinteren er det liten aktivitet

Bygdefolket i Fjærland er opptatt av å ha ein lokalbutikk og har gått inn 580.000 kr i innsamla aksjekapital. Dei to drivarane har også gått inn med kapital, for å få eit godt fundament for butikken. Butikken har drive med positivt resultat sidan starten i 2010.