Sel daglegvarer for 11 milliardar

Bygdebutikkane i Norge hadde i fjor ei samla omsetning på 11,4 milliardar kroner. Dei 938 nærbutikkane som er siste butikk i si bygd, står for knapt 7 prosent av landets daglegvare-omsetning. 566 av desse butikkane er knytt til det statlege Merkur-programmet for butikkutvikling.

Steinsholt arbeid ved disken.jpg

BYGDEBUTIKK: Steinsholt marked er nærbutikk for Lardal.  

Dette går fram av ein fersk rapport om omsetningsutviklinga for 2015 som Institutt for branasjeanalyser (IBA) har utarbeidd for Merkur-programmet.

IBA-rapporten viser at bygdebutikkane samla sett fekk ein auke i omsetninga på 1,7 prosent i fjor. Merkur-butikkane kom ut med same prosentvise auke som dei andre bygdebutikkane. Veksten i daglegvare-bransjen totalt sett låg på 3 prosent.

Dårleg sommar

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdepartementets verktøy for å hjelpe og støtte dei minste nærbutikkane i distrikts-Norge. I fjor hadde Merkur-butikkane ei gjennomsnittleg omsetning på 8,6 mill. kroner, eksklusiv moms. Bygdebutikkane som ikkje deltek i Merkur-nettverket, hadde til samanlikning ei gjennomsnittleg omsetning på 17,5 mill. kroner.

Gjennom alle år frå 2008 har Merkur-butikkane hatt ein vekst som har vore betre eller like god som større bygdebutikkar. 2014 var eit spesielt godt år for Merkur-butikkane, med ein vekst på heile 5 prosent – betre enn bransjen totalt sett. 2015 var meir eit normalår, med moderat vekst i omsetninga.

IBA-rapporten peikar at lågare vekst i 2015 kan ha samanheng med ein dårleg sommar. Mange små nærbutikkar er svært avhengig av ekstra omsetning frå turistar og hyttefolk. 22 prosent av omsetninga i Merkur-butikkane kom i fjor i dei to sommarmånadene juli og august.

Austlandet på topp

I perioden 2008-2015 har Merkur-butikkane fått ein vekst i omsetninga på 21 prosent. Talet på butikkar har blitt redusert med 21 på desse sju åra. Total omsetning i daglegvare-bransjen auka med 31 prosent i denne perioden.

Dersom ein analyserer omsetningsutviklinga for Merkur-butikkane på landsdelar, viser det seg at Austlandet kjem best ut 2015.  Møre/Trøndelag hadde svakast vekst. Av landets fylke var det Buskerud og Sogn og Fjordane som fekk størst vekst.
 

FAKTA:

Kva er ein bygdebutikk?

  • Daglegvarebutikk med heilårsdrift
  • Siste daglegvarebutikk i ei bygd
  • Lokalisering i distrikts-Norge

Kjelde: IBA