300 deltar i lokalhandel-kampanje

300 butikkar har meldt seg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 22.oktober. Dette er ny rekord for Merkur-programmet, som i år tilbyr materiell både for nærbutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge.

HANDLE LOKALT: Nærbutikk-kjøpmenn frå Østlandet fekk utlevert kampanje-materiell på ei samling på Helgøya i Hedmark.

250 daglegvarebutikkar har så langt bestilt materiell for å gjennomføre ein nærbutikk-dag, i samarbeid med gode krefter i bygda. Merkur tar framleis imot påmeldingar frå kjøpmenn som ønskjer å slå eit slag for lokal handel.

50 bokhandlar deltar også i lokalhandel-kampanjen. Det er laga eit eige bokmerke med gode argument for lokal bokhandel, og dette materiellet har fått svært god mottaking. Merkur har trykt opp 15.000 bokmerke og alt var rive vekk då fristen for påmelding var ute.

Sekretariatet i Merkur er godt i gang med utsending av kampanje-materiell. I løpet av neste veke skal alle ha fått utsendt plakatar, flyers/bokmerke, ballongar og klistremerke.

Det er fjerde året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Kampanjen har blitt lagt merke til også i meir sentrale delar av landet. Nærbutikkar og bokhandlar i by-område har tatt kontakt med Merkur for å få tilsendt materiell. Men kampanjen er øyremerka små nærbutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge.

Alle som kjem innom butikkane i dagane før aksjonsdagen, skal få utdelt ein flyer eller eit bokmerke med ti gode argument for lokal handel. Det er eit mål at kampanjen skal skape større bevisstheit omkring lokal handel.

Kva som skjer på sjølve nærbutikk-dagen, vil variere frå butikk til butikk.  Butikkane blir utfordra til å få lokale lag og organisasjonar med på å skape aktivitet i og rundt butikken.

Dei fleste butikkane spanderer kaffi og kake på kundane på aksjonsdagen. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

VIL DU VERE MED?  Her kan du melde deg på Handle lokalt-kampanjen