Merkur på studietur til Sverige

Merkur-styret og sekretariatet har denne veka vore på studietur til Värmland, for å møte representantar for svenske nærbutikkar, stat og kommune. Sverige har i år trappa opp satsinga på distriktsbutikkar og innført ei heilt ny ordning kor staten betaler dei minste butikkane for den service dei gir forbrukarar og næringsliv.

STUDIETUR: Östmarks Handel var mellom butikkane som fekk besøk av Merkurs styre og sekretariat. T.h. Li Zakrisson frå Tillväxtverket, som organiserte studieturen.

Den svenske regjeringa skal dette året bruke 35 millionar kroner i driftsstøtte for utkantbutikkar som er spesielt sårbare eller utsette.  Målet er å sikre eit minimum av kommersiell service både for enkeltpersonar og bedrifter i distrikta.

Butikkane kan få opptil 300.000 kr i årleg driftsstøtte. Det er eit vilkår at der et minst 15 km avstand til neste butikk og at omsetninga ligg under 11 millionar kroner. Ordninga omfattar 170 butikkar.

LES MEIR: Svenske utkantbutikkar får driftsstøtte

Sverige har også ei ordning med investeringssttøtte, tilsvarande den ordninga som Merkur forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Betaler for heimsending

Den norske delegasjonen besøkte måndag Östervallskogs Lanthandel og Ica Nära Sillerud, som begge er mellom dei butikkane som no får statleg drifsstøtte.

Tysdag var det stopp på Ica Nära Östmarks handel. Dette er ein heilt ny butikk med ei rekkje service-funksjonar både for fastbuande og turistar.

Sverige har ei statleg ordning med heimsending av varer til eldre og sjuke som ikkje kan kome seg til butikken ved eiga hjelp. Kommunane betaler butikken for heim-transport av varer - og kommunen får dette refundert av staten. Ica Nära Östmarks handel får på denne måten betaling for å sende varer heim til 15-20 personar.

Lokale servicepunkt

Fleire svenske kommunar har gjort forsøk med utvikling av såkalla servicepunkt, der distriktsbutikkane tar på seg ekstra oppgåver eller tilbyr ekstra tenester. Merkur-delegasjonen fekk møte Torsby kommune i Värmland som samarbeider tett med distriktsbutikkane i kommunen, til beste for innbyggarane.

Programmet for studieturen var lagt opp av Tillväxtverket, som har det overordna ansvaret for den svenske politikken overfor distriktsbutikkane.

Sverige har ikkje noko felles sekretariat for distriktsbutikkar, tilsvarande den rolla Merkur-programmet har i Norge. Dei svenske butikkane må søkje om støtte gjennom fylkeskommunen (länet).