Bli med på «Handle lokalt 2016»

Laurdag 22.oktober blir det ny aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken».

HANDLE LOKALT: Merkur har fornya kampanje-materiellet framfor året nærbutikk-dag 22.oktober.  

Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

Ein del av kampanje-materiellet har fått ny design, med tydelegare argumentasjon for lokal handel. Kampanjedagen vil bli marknadsført som «Nærbutikkens dag».

Det blir også laga eige kampanje-materiell for bokhandlane i distrikts-Norge.

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Nytt materiell

Slagordet «Handle lokalt – velg nærbutikken» som vart tatt i bruk i 2014,  blir vidareført. Men ein del av kampanje-materiellet er fornya. Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, skal få utdelt ein heilt ny flyer med gode argument for lokal handel. Det er eit mål at kampanjen skal skape større bevisstheit omkring lokal handel.

Plakatar og flyers har også fått ny design, slik at dei skal bli lagt godt merke til av kundane.

Joker Ålvundfjord gode hjelparar.jpg

FRIVILLIG INNSATS: Kjøpmannen i Ålvundfjord fekk god hjelp får dei frivillige organsiasjonane i bygda, då butikken markerte Handle lokalt i fjor.

Alle butikkar som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform.  

Butikk for bygda

Kva som skjer på sjølve nærbutikk-dagen, vil kunne variere litt frå butikk til butikk. Det viktigaste er at det blir skapt engasjement for lokal handel. 

Butikkane blir utfordra til å få lokale lag og organisasjonar med på å skape aktivitet i og rundt butikken. Det er viktig å få fram at butikken er bygda sitt service-senter.

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive også for ny busetting, seier Per Kjetil Jørgensen.

300 butikkar

I fjor var rekordstor påmelding til kampanjen for lokal handel. 275 butikkar markerte dagen på ulike måtar.

Dei fleste butikkane spanderte kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar gjekk ut med spesielle tilbod. Andre nytta anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

Merkur-programmet har som målsetting at 300 butikkar skal delta i årets kampanje for lokal handel.

Siste frist for påmelding er 16.september. Påmelding skjer gjennom eit enkelt skjema på Merkurs nettside.

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen