To nye Merkur-konsulentar

10 konsulentar har fått tilbod om engasjement som Merkur-konsulentar for dei neste fire åra. To av konsulentane har ikkje arbeidd for Merkur tidlegare. Det gjeld Hallvard Christenson, som får ansvar for distriktsbutikkar på den sørlege delen av Østlandet, og Ernst Kåre Dybing, som får ansvar for butikkane på Sørlandet.

NYE KONSULENTAR: Ernst Kåre Dybing (t.v.) og Hallvard Christenson (t.h.) har fått tilbod om oppdrag som Merkur-konsulentar.

Det var stor interesse for å jobbe som statlege Merkur-konsulentar, då oppdraga vart lyst ut i vår. Merkur fekk 15 anbod frå rådgjevarar som ønskte å arbeide med utvikling av distriktsbutikkar.

Merkur er organisert med sekretariat hos konsulentfirmaet Mentor AS i Førde og 10 regionale konsulentar på åremålskontrakt. Oppdraga blir lyst ut gjennom open anbodskonkurranse kvart fjerde år. Dei nye konsulent-kontraktane vil gjelde frå 1.august 2016 til 2020.

Etter ei grundig vurdering av tilbydarane har programstyret gjort vedtak om å engasjere to nye Merkur-konsulentar:

Østlandet Sør: Hallvard Christenson, Gvarv

Hallvard Christenson har pedagogisk utdanning og master-utdanning frå BI og har lang erfaring som bedriftsrådgivar for små og mellomstore bedrifter. Han har vore FRAM-rådgjevar for Innovasjon Norge, har jobba med lokalmat og har undervist på bokbransje-studiet ved Høgskulen i Telemark.

Sørlandet: Ernst Kåre Dybing, Bryne

Ernst Kåre Dybing har lærarutdanning og erfaring frå daglegvare-bransjen som butikksjef, driftssjef og regionsjef. Sidan 2007 har han jobba som partnar i Butikkutvikling AS og drive med undervisning og bedriftsrådgjeving for Coop og andre handelsbedrifter.

Åtte av dagens konsulentar har fått tilbod om ny kontrakt:

Finnmark og Nord-Troms: Elisabeth Gamst Mathisen
Troms og Nordland nord: Ole Svedenborg
Nordland sør og Namdalen: Line Tellemann
Trøndelag og Nordmøre/Romsdal: Stig Olson
Sogn og Fjordane/Sunnmøre: Ronny Mowatt
Hordaland: Per Spillum
Rogaland: Lars Helgeland
Østlandet nord: Vigdis Myhre Næsseth
 

I utlysinga vart det stilt krav om erfaring med bedriftsrådgjeving innan fagfelt knytt til butikkdrift. Alternativ til arbeid med bedriftsrådgjeving var arbeid med næringsutvikling i kommunane og meir generell bedriftsrådgjeving.

Konsulentar som ikkje nådde opp i anbods-konkurransen, har høve til klage innan fristen som er 1.juli. Endeleg kontraktsignering skjer etter dette.

Hovudoppgåva for ein Merkur-konsulent er å drive kompetanseheving for eigarar av daglegvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Konsulenten skal også drive oppfølgingsarbeid og arbeide for å tilføre butikkane tilleggsfunksjonar som kan medverke til å betre butikkens lønsemd.

Konsulenten skal vidare sette i gang tiltak for å betre samarbeidet mellom butikken og lokalsamfunnet rundt. Endeleg skal han delta i arbeidet med å forvalte ordninga med investeringsstøtte til utkant-butikkar.

Merkur organiserer eit nettverk med 580 daglegvarebutikkar og 50 bokhandlar og jobbar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.