15 vil bli Merkur-konsulent

Merkur har fått 15 anbod frå personar som ønskjer å jobbe som statlege Merkur-konsulentar. Fristen for å søkje om oppdrag som regional Merkur-konsulent, gjekk ut 2.mai.

ANBODS-OPNING: Dagleg leiar Helge Schei i Merkur har 15 anbod til vurdering.

Merkur har 10 regionale konsulentar som jobbar med utvikling av distriktsbutikkar, på åremålskontrakt. Oppdraga blir lyst ut gjennom ei open anbodskonkurranse kvart fjerde år.

Sekretariatet i Merkur arbeider no med å vurdere tilbydarane. I løpet av forsommaren vil det bli avgjort kven som blir Merkur-konsulentar for dei neste fire åra.

I utlysinga vart det stilt krav om erfaring med bedriftsrådgjeving innan fagfelt knytt til butikkdrift. Alternativ til arbeid med bedriftsrådgjeving er arbeid med næringsutvikling i kommunane og meir generell bedriftsrådgjeving.

Hovudoppgåva for ein Merkur-konsulent er å drive kompetanseheving for eigarar av daglegvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Konsulenten skal også drive oppfølgingsarbeid og arbeide for å tilføre butikkane tilleggsfunksjonar som kan medverke til å betre butikkens lønsemd.

Konsulenten skal vidare sette i gang tiltak for å betre samarbeidet mellom butikken og lokalsamfunnet rundt. Endeleg skal han delta i arbeidet med å forvalte ordninga med investeringsstøtte til utkant-butikkar.

Merkur organiserer eit nettverk med 580 daglegvarebutikkar og 50 bokhandlar. Landet er delt opp i  ti regionar, med kvar sin konsulent.