Merkur-kjøpmenn på øy-hopping

Dei besøkte fire butikkar på fire øyer i løpet av ein formiddag. 50 kjøpmenn fekk både sjå nye butikkar og oppleve øyriket på Sunnfjord-kysten på sitt aller beste under Merkurs regionkonferanse for Nord-Vestlandet.

Rognalsvågen_Merkurgruppe.jpg

UT PÅ TUR: Fornøgde Merkur-kjøpmenn ved kaien på Rognaldsvåg utanfor Florø.

Det er ikkje kvar dag at sjøen ligg blikkstille på kysten utanfor Florø. Det er heller ikkje kvart år at Merkur-kjøpmenn blir invitert til ein to-dagars butikk-safari, med sju butikk-besøk i løpet av to dagar.

Men denne gongen la Merkur-konsulent Ronny Mowatt opp til ein alternativ måte å gjennomføre den årlege region-konferansen. I staden for å sitje to dagar på eit hotell, fekk deltakarane vere med på ein rundreise der dei både fekk besøke mange butikkar og få inspirasjon til utvikling av eigne butikkar.

50 kjøpmenn frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre deltok på konferansen, saman med representantar frå kjedene og andre samarbeidspartnarar.

«Nøytral sone»

Rundturen starta i Naustedalen i Naustdal kommune, der bygdefolket for nokre år sidan etablerte ein folkeeigd butikk. Neste stopp var Vevring, bygda som både er kjent for årleg kunstfestival og storstilte planar om gruvedrift.

- Det er sterke meiningar om gruve-saka i bygda. Men vi som står i butikken, er medvitne på at vi ikkje skal diskutere dette på jobb. Butikken skal vere ei nøytral sone der alle kan møtast, seier Marianne Apalseth på Nærbutikken Vevring.

Siste butikk-stopp denne dagen var i Stavang, der hytte-turistane står for ein stor del av omsetninga på nærbutikken.

Levedyktige samfunn

Andre konferanse-dag gjekk alle deltakarane om bord i skyssbåten Øyservice, som låg klar ved kaien i Florø. I strålande solskin gjekk turen først til Fanøy og så vidare til Rognaldsvåg, Askrova og Svanøy.

Tidlegare var det skule-tilbod på alle øyane i Flora-bassenget. No er skulane og barnehagane nedlagde. Men framleis bur der mange folk. Mange av dei jobbar i Florø og er avhengig av gode skysstilbod til byen.

- Øyane rundt Florø er levedyktige samfunn. Det er håp for framtida, så lenge butikkane er i drift, sa fylkestingsrepresentant Stein Malkenes (MPG) som var med på båtturen som kjentmann.

VILLSAU: Reksta villsau serverte lokalmat frå øya utanfor butikken på Rognaldsvåg.

Merkur-kjøpmennene fekk møte engasjerte distrikts-kjøpmenn som satsar på utvikle butikkane sine til beste for både øyfolk og hyttefolk.

Tilleggs-inntekter

Jolanda Tervoort på Fanøy er i ferd med å utvide kaffi-kroken, slik at butikken kan fungere endå betre som samlingsplass for øya.

I Rognaldsvåg jobbar kjøpmann Hans Jacob Sunde med å restaurere den gamle handelstaden Tjenna. Han ser for seg dette som ein ny fot å stå på, i tillegg til butikkdrifta.

Magne Svardahl på Askrova køyrer postbåt og er landpostbod i tillegg til å vere kjøpmann. Den vesle butikken åleine gir ikkje nok inntekt til å du kan få ei normal årslønn.

Ole Svanøe har nettopp utvida butikken på Svanøy med eit nytt kafé-bygg:

- Utan kroa og inntekter frå arrangement hadde vi ikkje overlevd, seier den erfarne og engasjerte handelsmannen.

NY KRO: Svanøy Handel har fått ei populær kro i tilknyting til nærbutikken på øya.