Norges beste på frukt og grønt

Joker Vats er Norgesmester i frukt og grønt. Butikken mellom Haugesund og Sauda har fleire gonger vore blant finalistane i den årlege konkurransen, som blir arrangert av Opplysningskontoret for frukt og grønt. Dette året vart det gull for Merkur-butikken.

Joker Vats VG-bilde red.jpg

VANN GULL: Laila Sørhus (t.v.) Tor Sørhus og Audhild Lindanger (t.h.) ved Joker Vats er kåra til Norgesmester i frukt og grønt.  Foto: Kjøpmannshuset

Butikken på Vats har ein frukt- og grøntandel på over 15 prosent av totalomsetninga. Dermed kunne Tors Kolonial, som er det offisielle firmanamnet, gå heilt til topps i kategorien for mindre butikkar (superetter).

NM i frukt og grønt vart i år arrangert for niande gong. Bakgrunnen for konkurransener eit ønskje om å motivere forbrukarane til å spise meir frukt og grønt. Konkurransen skal framheve og heidre frukt- og grønt-ansvarlege som gjer ein god jobb kvar dag for å friste forbrukarane til å handle meir av dei sunne matvarene.

Hjartet i butikken

Vats-butikken sine gode plasseringar i konkurransen har ikkje kome av seg sjølv. Personalet brukar mykje tid på frukt- og grønt-avdelinga:

- Frukt- og grønt er hjartet i butikken, og hjartebarnet vårt. Frukt og grønt er viktig for brutto-fortenesta ogviktig for kundane, seier Audhild Lindanger, som er ansvarleg for denne avdelinga.

- Kundane gir oss skryt, og det gir naturlegvis ekstra drivkraft og motivasjon, legg ho til i eit intervju med Joker-bladet.

Topp-karakter

Joker Vats får toppkarakter av dommarane både på førsteinntrykk av avdelinga, totalinntrykk, sameksponering og pris-kommunikasjon.

Audhild følgjer nøye med på bestillingar, varetrykk, kvalitet og ikkje minst sesongar. Det krevst kontinuerleg innsats dersom du skal halde ei slik avdeling innbydande.

- Vi ryddar, fyller på og flytter varer mange gongar om dagen. Då finn vi også varer som ikkje tilfredsstiller våre eigne krav. Dei blir sjølvsagt fjerna. Kundane skal ikkje finne frukt og grønt som vi ikkje ville ha kjøpt sjølv, seier ho.

HURRA: Kreativ sameksponering av blåbær, melis og jordbær i forkant av 17.mai

Kjent for god service

Joker Vats flytta inn i nye lokale for eit år sidan. Salsarealet vart nesten dobla i den nye butikken, kjøle- og frysekapasiteten har blitt større og omsetnaden har vakse kraftig.

Butikken er også kjent for god service. Dei tilsette pakkar gjerne varene i posar for kundane, og latteren sit laust mellom reolane.

- Service er gøy og det er kjekt å sjå at kundane verdset den innsatsen vi legg for dagen, avsluttar norgesmesteren i frukt og grønt.