Her er Merkurs årsrapport

Kva var dei viktigaste oppgåvene og utfordringane for Merkur-programmet i 2015? Det kan du lese om i denne årsrapporten, som informerer om status for kompetanseprogrammet, støtteordningane, bokhandel, lokalmat og kampanje for lokal handel.

2015-RAPPORTEN: Her er den populariserte versjonen av Merkurs årsrapport.

Årsrapporten er ein kortversjon av Merkurs fyldige rapport til vår eigar, Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2015 var eit svært aktivt år for Merkur-programmet, med rekordmange deltakarar i kompetanseprogrammet for daglegvarebutikkar og stor aktivitet både gjennom besøksordninga og omstillingsordninga.

222 butikkar fordelt på 148 kommunar fekk tilsegn om økonomisk støtte til utvikling og modernisering. Det var ny rekord når det gjeld tal på butikkar, og ei tangering av rekorden frå 2013 når det gjeld storleiken på løyvinga til støtteordningane.

To rapportar frå Institutt for bransjeanalysardokumenterer at Merkurs arbeid med butikkutvikling gir resultat både når det gjeld omsetning og etablering av tileggstenester.

Butikkane som deltar i Merkur-programmet, har hatt ein større vekst i omsetninga enn andre distriktsbutikkar i alle år sidan 2008. Dette viser at rådgjeving, kompetanse-bygging og økonomisk støtte til modernisering er ein effektiv måte å skape vekst for små utkant-butikkar.

LAST NED: Merkurs årsrapport 2015 (2 sider, pdf)

Merkur-programmets fyldige rapport til Kommunal- og moderniseringsdepartementet er også tilgjengeleg på nett.

LAST NED: Merkurs årsrapport til KMD (13 sider, pdf)