Best på Nord-Vestlandet

Joker Kvammen i Askvoll har fått pris som beste nærbutikk på Nord-Vestlandet. Butikken har gjennom høgt aktivitetsnivå og stort lokalt engasjement greidd å demme opp for handelslekkasjen mot handelssentret Førde, som ligg berre 25 minuttar unna.

HEIDER: Dagleg leiar Lillian Smedvik Langeland frå Joker Kvammen tok imot heiders-prisen av Merkur-leiar Helge Schei.

Prisen for beste nærbutikk i Sogn og Fjordane og Sunnmøre vart utdelt til dagleg leiar Lillian Smedvik Langeland under regionkonferansen for distrikts-butikkar i Florø.

Kjøpmannen fekk også helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner, som ansvarleg for den nasjonale regional- og distriktspolitikken:

- Det er eit målfor oss å bygge opp om det sterke lokale engasjementet som mange flinke butikkdrivarar syner rundt om i Noreg. Nasjonale styresmakter er heilt avhengige av slike eldsjeler som det store fleirtalet av Merkur-kjøpmenn er. Det er et hovudmål i distriktspolitikken å styrke tilgangen på grunnleggjande tenester for folk. Då er Merkur eit viktig verkemiddel, seier statsråd Sanner.

Føregangs-butikk

Butikken på Kvammen ved Førdefjorden har vore driven som ei familiebedriftsidan 1938, av familien Stubhaug. Ole Stubhaug bygde nytt butikkanlegg med meir sentral plassering etter atgamlebutikken brann i 1979. Nybygget med drivstoff, daglegvarebutikk, post og bank vart då sett på som eit mønster for moderne grendasenter. Butikken på Kvammen harvore ein føregangsbutikk for korleis få til samarbeid med bygdefolket og korleis skape ein god butikk med mange viktige funksjonar for bygda.

I 2015 vart butikken omdanna til folkebutikk. Bygdefolket gjekk inn med aksjekapital og overtok drifta i eit nystifta selskap, Kvammen Handel AS. Tidlegare butikkmedarbeidar Lillian Smedvik Langeland vart tilsett som dagleg leiar.

LES MEIR: Bygda ville kjøpe butikken

Daglegvare-butikken har etter omdanninga hatt omsetnadsauke på 9 prosent og ei god utvikling i talet på  kundar. Dette viser at det lokale engasjement ein får gjennom danning av folkebutikkar, også viser att i omsetnadsutviklinga.

Senter for grenda

Butikken på Kvammen har under både tidlegare drivar og ny drivar alltid hatt høgt aktivitetsnivå for å demme opp for handelslekkasje til Førde. Laurdagsaktivitetar har langt på veg stoppa handelsutfart til Førde, ved at det alltid skjer spennande aktivitetar på butikken.

I dag har butikken sal av drivstoff, post i butikk, tipping, apotek-varer og kafé-lokale som vert nytta til sosiale samankomstar i bygda. Her er også treningssenter og eit stort kjøkken til bruk i større lag og arrangement.