- Søndags-handel vil gi butikk-død

- Eit vedtak om innføring av søndagsopne butikkar vil favorisere større sentrums-butikkar og svekkje dei aller minste butikkane i distrikta. Resultatet vil bli nedlegging av utkant-butikkar, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet.

Nærbutikken Vevring.jpg

FARE: Søndagsopne butikkar vil gi tøffare konkurranse og dårlegare lønsemd for distrikts-butikkane, viser IBA-rapport.

 Merkur ser med uro på diskusjonen om søndagsopne butikkar og meiner at søndags-butikkar vil medføre ei strukturendring i form av nedlegging av mange distriktsbutikkar

 Merkur-programmet arbeider med å oppretthalde og vidareutvikle eit godt tenestetilbod på landsbygda. Programmet omfattar både nærbutikkar/distriktsbutikkar og bokhandel.

Dårlegare lønsemd

580 daglegvare-butikkar er i dag knytt til Merkur-nettverket. Desse nærbutikkane er kjenneteikna ved at dei har relativt låg omsetning og eit marginalt kundegrunnlag. Med få unntak er det lang avstand til næraste alternative dagligvareutsal.

 Institutt for bransjeanalyser (IBA) har gjennom rapporten «Fakta og vurderinger rundt butikkene i Merkur-programmet» (2014) berekna kva konsekvensar søndagsope får for små distriktsbutikkar. Butikkar som deltar i Merkur-programmet vil i gjennomsnitt få ei halvering av det resultatet dei har i dag. Eventuell omsetningsvekst ved innføring av søndagsope i eigen butikk er ikkje nok til å kompensere for auka lønskostnader. Resultatet vil bli dårlegare lønsemd.

 - Merkur-programmet er redd for at eit generelt vedtak om søndagsopne butikkar vil medføre ei strukturendring i form av nedlegging av mange distriktsbutikkar. Søndagsopne vil i praksis favorisere større sentrums-butikkar og svekkje dei aller minste butikkane i distrikta, som frå før slit med dårleg lønsemd, seier Helge Schei, dagleg leiar i Merkur.

 Dårlegare tenester

 Rema 1000 sitt siste forslag om å berre tillate søndagsopne daglegvarebutikkar, vil ikkje i særleg grad endre på dette.

 - Dersom daglegvaretilbodet blir borte i mange utkantbygder, vil lokalsamfunna også misse ei rekkje andre tilbod som er knytt til nærbutikken, slike som post, tipping, drivstoff, møteplass etc. Det betyr at folk som bur i distrikta, vil få eit dårlegare teneste-tilbod. Bygdene vil bli mindre attraktive med tanke på nyetablering både for familiar og bedrifter, seier Helge Schei.