Tipping gir viktig tilleggs-inntekt

Tippe-tenester gir ekstra inntekter til butikkar i distrikts-Norge. Over 400 Merkur-butikkar formidlar i dag tipping til kundane sine. Dette gir ein provisjon på 57.000 kroner i gjennomsnitt.

Tipping_Jørn Elvevoll_Matkroken Tovik.jpg

TILBYR TIPPING: Kjøpmann Jørn Elvevoll ved Matkroken Tovik i Troms har fleire tippe-tenester.

 Dei fleste distriktsbutikkar er i dag kommisjonærar for Norsk Tipping. Tippe-tenester er ein viktig del av servicetilbodet for ein moderne nærbutikk.

Små butikkar opplever at når kundane må reise til ein større butikk for å tippe, så handlar dei også daglegvarene sine utanfor bygda. Tilbod om tipping er viktig for å unngå handelslekkasje.

Men Norsk Tipping set som krav at butikkane må ha ei viss tippe-omsetning for å kunne vere kommisjonærar.  Merkur-programmet forhandla i fjor fram ein avtale med Norsk Tipping der kravet til gjennomsnittleg veke-omsetning vart redusert frå 6.000 til 5.000 kr. Butikkar som ikkje deltar i Merkur-nettverket, må ha vesentleg høgre omsetning for å få tippe-tenester.

LES MEIR: Fleire distrikts-butikkar kan få tipping

I fjor hadde Merkur-butikkane ei gjennomsnittleg veke-omsetning på vel 14.000 kroner. Dei vel 400 butikkane som har tippe-tenester, kom ut med ei årsomsetning på 300 millionar kroner på Norsk Tipping sine tenester. Den samla provisjonen låg på 23 millionar kroner.

Små butikkar i distrikts-Norge er avhengig av fleire tilleggs-tenester for å få økonomien til å gå rundt. Når folketalet er lite, så er ikkje inntektene frå sal av daglegvarer store nok til å sikre vidare drift.

Norsk Tipping satsar på tippe-tenester i butikk, sjølv om stadig fleire av dei største kundane brukar tipping på nett. Kommisjonærane står nemleg for 60 prosent av omsetninga til Norsk Tipping. No er tippeselskapet i gang med å skifte ut terminalar, flatskjermar og interiørprodukt hos alle sine kommisjonærar.

- Kommisjonærane er svært viktige for oss. Derfor satsar vi sterkt på tipping i butikk, understrekar kjedeansvarleg Torbjørn Meland i Norsk Tipping, når han møter distriktsbutikkane på Merkur sine regionkonferansar.