Merkur-konsulentane ut på anbod

Merkur-programmet har lagt oppdraga som regionale Merkur-konsulentar ut på anbod. I løpet av forsommaren vil det bli avgjort kven som blir konsulentar for dei neste fire åra.

10 KONSULENTAR: Dette er Merkurs konsulent-korps. No er dei ti oppdraga lyst ut på anbod.

Oppdraga som Merkur-konsulentar blir etter avtale med Kommunal- og moderniseringsdepartementet lyst ut gjennom ei open anbodskonkurranse kvart fjerde år. Alle konsulentar som er kvalifisert til å jobbe med utvikling av distriktsbutikkar, kan delta i konkurransen.

VIL DU BLI MERKUR-KONSULENT? Her er informasjon om konkurransen (Doffin)

Utlysinga er publisert på Doffin, som er den nasjonale databasen for kunngjering av offentlege innkjøp. I utlysinga blir det stilt krav om erfaring med bedriftsrådgjeving innan fagfelt knytt til butikkdrift. Alternativ til arbeid med bedriftsrådgjeving kan vere arbeid med næringsutvikling i kommunane og meir generell bedriftsrågjeving.

Hovudoppgåva for ein Merkur-konsulent er å drive kompetanseheving for eigarar av daglegvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Konsulenten skal også drive oppfølgingsarbeid og arbeide for å tilføre butikkane tilleggsfunksjonar som kan medverke til å betre butikkens lønsemd.

Konsulenten skal vidare sette i gang tiltak for å betre samarbeidet mellom butikken og lokalsamfunnet rundt. Endeleg skal han delta i arbeidet med å forvalte ordninga med investeringsstøtte til utkant-butikkar.

Merkur organiserer eit nettverk med 580 daglegvarebutikkar og 50 bokhandlar. Landet er delt opp i  ti regionar, med kvar sin konsulent. Det skal såleis gjerast avtale med ti konsulentar.

Fristen for å kome med tilbod er sett til 2.mai.