«Støtt lokalt» inspirert av Merkur

Lokal handel er viktig, både for nærbutikkar i distrikts-Norge og for butikkar i tettbygde strøk. Fleire stader blir det no lansert lokale kampanjar for å demme opp for netthandel og handelslekkasje til større byar. På Askøy utanfor Bergen planlegg næringsdrivande og kommunen ein stor kampanje - inspirert av Merkur.

BREI STØTTE: Både handelsnæringa og Askøy kommune vil støtte opp om kampanjen for lokal handel.  Faksimile: Askøyværingen

Dei næringsdrivande på Askøy vil samle handelsnæringa i kampen mot dei store kjøpsentra som ligg rundt Bergen. Både små og mellomstore butikkar på øya sliter med å få hjula til å gå rundt.

- Vi føler at vi må ta eit felles løft for øya og bevisstgjere askøyværingane om situasjonen. Viss vi ikkje tenkjer litt annleis, kjem fleire butikkar til å bli lagt ned. Vi må ha fokus på kva vi har og ikkje på kva vi ikkje har, seier Ann Kristin Bjerved ved Amfi Askøy til lokalavisa Askøyværingen.

Til hausten skal dei setje i gang ein kampanje med slagordet «Støtt lokalt», med plakatar, buttons og andre effektar som skal gjere bodskapen synleg.

Kommunikasjonsjefen i Askøy kommune, Dag Folkestad, er positiv til initiativet og synest at kampanjen verkar spennande. Det er viktig å få fokus på dei utfordringane som butikkane i kommunen har.

Låner Merkur-argument

Handelsnæringa på Askøy er inspirert av ein liknande kampanje som har blitt gjennomført i Haugesund. Men dei trekkjer også fram Merkur-programmet sin årlege kampanje «Handle lokalt – velg nærbutikken» som hadde 275 deltakarar i fjor.

I reportasjen i Askøyværingen blir argument som Merkur har brukt ved sin lokal handel-kampanje, sitert ordrett for å vise kor viktig det er med lokal handel:

«Nærbutikken er ein viktig del av det lokale næringslivet. Når du handlar lokalt, støttar du opp om lokale arbeidsplassar. Du støttar også opp om ei bedrift som betaler skatt til kommunen. Kvar krone som du handlar lokalt, er ei investering i eit levande lokalsamfunn» (sitert frå «10 gode grunnar for å handle lokalt»)

Ny Merkur-kampanje

Merkur har så langt fått spørsmål om å låne ut kampanje-materiell til lokale kampanjar i tettbygde strøk to forskjellige stader. Sekretariatet har måtte seie nei til dette, då desse kampanjane i praksis vil kunne gjere konkurransen endå tøffare for Merkur-butikkar i same handels-område.

Dette er ikkje til hinder for at mykje av den argumentasjonen som blir brukt for lokal handel på nærbutikken, også kan brukast for lokal handel i tettstader og småbyar. Dersom handels-lekkasjen blir større, har dette negative konsekvensar for alle lokalsamfunn. Det handlar både om butikk-tilbod, arbeidsplassar og skatteinntekter til kommunen.

VIL DU VITE MEIR OM HANDLE LOKALT?
Sjekk Merkurs info-side om lokal handel

Merkur planlegg ein ny kampanje for lokal handel til hausten. «Handle lokalt – velg nærbutikken» vil bli gjennomført i slutten av oktober; endeleg dato er ikkje avklart endå. Det er ei målsetting å få 300 butikkar over heile Norge med på årets kampanje.