Superlaurdag med lokal kunst

Nærbutikken på Fjelli er blitt ein viktig samlingsstad for bygda. Med jamne mellomrom arrangerer butikken i Stryn superlaurdag, med aktivitetar i eller utanfor butikken. Lokale kunstnarar og lokale matprodusentar blir invitert til presentere produkta sine.

KUNSTUTSTILLING: Dagleg leiar Karoline Lunde byr både på aktivitetar og lokal kunst i butikken på Fjelli.  Foto: Fjordingen

«Superlaurdag» har blitt ein viktig tradisjon for butikken på nordsida av Innvikfjorden. 8-10 gonger for året får kundane invitasjon til ein dag med ekstra aktivitetar.

Lokale lag og organisasjonar deltek ofte på desse butikk-arrangementa. Lokale matprodusentar får presentere og selje blomster, frukt og bær. Butikken syter for servering av kaffi og kaker.

I 2014 vart det opparbeidd ein aktivitetsplass utanfor butikken, slik at det er muleg å utvide aktivitets-tilbodet ute, spesielt med tanke på born. Ein gong kvar sommar er det grilldag, der kundane kan kjøpe grillmat til rimelege prisar.

Butikken leiger ut andre etasje til eit kunst-galleri, Ad Fontes. Her er det skiftande utstillingar av lokale kunstnarar. Galleriet er tilgjengeleg for butikk-kundane og blir nytta som møteplass for bygda.

Coop Marked Fjelli får mange positive tilbakemeldingar på aktivitetsdagane sine, både når det gjeld trivsel og større omsetning enn det som er vanleg på laurdag.

– Folket her tykkjer dette er bra. Dette er eit tiltak vi kjem til å vidareføre, seier daglege leiar, Karoline Lunde, til lokalavisa Fjordingen.

Butikken er sikker på at slike trivselstiltak knyter kundane sterkare til butikken og at dei på den måten aukar lojaliteten overfor nærbutikken. Nærbutikken i Stryn deltar også i Handle lokalt-kampanjen som Merkur gjennomfører kvar haust.