To nye støtteordningar i 2017

I 2017 blir det etablert to nye støtteordningar for nærbutikk og bokhandel i distrikts-Norge. Dei aller minste daglegvarebutikkane skal få betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet. Og bokhandlane kan få støtte til å utvikle butikken som ein sosial og kulturell møteplass.

Svanøy Handel.jpg

VIKTIG FOR ØYA: Lokalbutikken er svært viktig for både folk og næringsliv i distrikts-Norge.

Det er eit mål for regjeringa at område med få innbyggjarar får sikra tilgang til grunnleggande private tenester. Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar er det viktigaste verktøyet for å oppnå denne målsettinga.

Etter forslag frå styret for Merkur-programmet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjent at det i 2017 vert etablert ei ny støtteordning for småbutikkar og ei ny støtteordning for bokhandlar. Samtidig blir det innført mindre endringar i regelverket for investeringsstøtte og utviklingsstøtte.

LES MEIR: Her er oversikt oversikt over dei nye støtteordningane

Dei nye støtteordningane vil bli lagt ut på nettportalen regionalforvaltning.no så snart ordningane er klare for publisering. Det er ikkje mogleg å registrere nye søknader før dette er gjort.

Betaling for service

40 av dei minste nærbutikkane i Norge vil neste år kunne få 100.000 kr i støtte til kommersiell service. Butikkar med under 3 millionar kroner i daglegvare-omsetnad og minst 20 km avstand til neste butikk, vil heretter kunne få betaling for den service som dei gir til lokalsamfunnet.

For å komme med i ordninga med service-støtte, må butikkane dokumentere at dei tilbyr eit minimum av servicefunksjonar/tilleggstenester, i tillegg til daglegvarehandel. Aktuelle servicefunksjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

LES MEIR: Meir støtte til dei aller minste

Så små butikkar er ikkje økonomisk lønnsame etter vanlege bedriftsøkonomiske kalkylar. Men ein kombinasjon av dugnadsinnsats og tilleggstenester gjer til at butikkane likevel har overlevd. Ekstra statleg støtte skal vere med på å sikre framtida for desse butikkane, fordi dei er viktige for folk og næringsliv i distrikta.

Støtte til litteraturhus

Bokhandlar i distrikts-Norge har vore ein del av Merkurs kompetanseprogram sidan 2008, men dei har ikkje kunne få økonomisk støtte gjennom Merkur slik som daglegvarebutikkane. No blir det innført ei heilt ny ordning med utviklingsstøtte til bokhandlar som vil styrke butikken som sosial og kulturell arena. Kvar butikk kan søkje om inntil 50.000 kr.

Merkur gjennomførte i 2014-15 eit prosjekt med utvikling av tre bokhandlar på Sørvestlandet. Prosjektet viste at små bokhandlar kan få fleire kundar og større omsetning ved å satse på forfattar-besøk, litteratur-kveldar og kultur-arrangement. No vil alle landets distriktsbokhandlar kunne gjere det same.

LES MEIR: Bokhandlar får utviklingsstøtte

Det er sett av 500.000 kr til dette formålet i Merkurs budsjett for investeringsstøtte for 2017.

Minstesum på 25.000 kr

Merkur har sidan 2010 forvalta ei ordning med investeringsstøtte til nærbutikk. Det er ikkje gjort endringar i regelverket for denne ordninga når det gjeld vilkår knytt til omsetning eller avstand. Men for 2017 blir det presisert at minimum støttebeløp må vere på 25.000 kr.

Dette blir gjort for å unngå mange småsøknader, som krev unødig mykje tid til sakshandsaming og oppfølging – både for Merkur og søkjaren. Det er ønskjeleg at butikkane går gjennom eigne behov og lagar ein samla plan for investeringar det komande året.

Det er ikkje lagt opp til endringar i regelverket for investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Slutt på aktivitetsstøtte

Ordninga med utviklings- og aktivitetsstøtte blir endra til ei ordning med utviklingstøtte. Det betyr at butikken ikkje lenger kan få tilskot til reine aktivitetar. Utviklingsstøtte skal gå til konkrete utviklingstiltak, lokalsamfunnstiltak, kompetansetiltak mm.

Også her blir det innført ei minimumsgrense på 25.000 kr. Maksimal støtte er som tidlegare på 50.000 kr. Butikkar som får servicestøtte, vil ikkje samtidig kunne få utviklingsstøtte.

LES MEIR: Her er oversikt oversikt over dei nye støtteordningane