Ordførar-kontor på nærbutikken

Ordførar Gunhild Berge Stang brukar nærbutikken som ute-kontor. I haust har ordføraren i Fjaler hatt mobilt kontor på fire nærbutikkar i kommunen. – Eg håper at det kan bli ei regelmessig ordning at ordføraren kan møte bygdefolket på denne måten, seier Gunhild Berge Stang.

MØTER VELJARANE: Ordførar Gunhild Berge Stang i samtale med Ragnar Kjøsnes, då ho hadde kontordag i kaffikroken på Nærbutikken Hellevik.

Fjaler kommune i Sogn og Fjordane har fire nærbutikkar. Denne hausten har ordføraren hatt utekontor på butikkane både i Korssund, Grytøyra, Flekke og Hellevik. I tillegg har ho møtt bygdefolk på skule-biblioteket i Guddal og på ein daglegvarebutikk i kommunesentret Dale.

- Som ordførar ønskjer eg å kome i betre kontakt med folk i Fjaler og eg ønskjer å gjere det lettare for dei å ta kontakt med meg. Derfor har eg valt å bruke ein del fredagar til å ha utekontor i dei ulike bygdene, seier Gunhild Berge Stang, som representerer partiet Venstre.

Haustens butikk-runde vart avslutta på Nærbutikken Hellevik, der det også var haustfest, servering i kafeen og stort frammøte av bygdefolk.

- Eg er storleg imponert over all aktiviten som denne bygda får til rundt nærbutikken, seier ordføraren.

Nyttig for ordføraren

Fjaler-ordføraren synest at erfaringane med kontordagar i butikk har vore så gode at ho ønskjer å la det bli ei regelmessig ordning.

- Eg har stor nytte av dette som ordførar. Mange kjem til meg med saker dei ønskjer at eg skal ta opp. Det kan gjelde alt frå lokale saker som gatelys og utbetring av vegar til store saker som kommune-reform og arbeidsmiljølova. Eg trur at terskelen for å ta kontakt med ordføraren kan bli mindre på denne måten, Gunhild Berge Stang.

Ordføraren har med seg pc, slik at ho kan jobbe med «ordførar-saker» dersom ho ikkje får veljarar på besøk. Men så langt har det blitt lita tid til å gå inn på datamaskinen.

Kommunehus i butikk

Gunnhild Berge Stang har eit engasjement for nærbutikken etter å ha budd i Stongfjorden i nabokommunen Askvoll. Ho meiner at nærbutikken er viktig møteplass for bygda og håper at ordførarens kontordag kan få endå fleire til å stikke innom butikken den aktuelle dagen.

- Nærbutikken er den beste måten å nå folk på bygdene. Mitt forsøk illustrerer kva butikken kan brukast til. Kanskje vi skal gå endå lenger og tenkje oss eit slags «kommunehus i butikk» med utdeling av skjema og liknande, seier ho.