Heiderspris til «Taien på kaien»

Han flytta frå eit urbant liv i London til den vesle bygda Tyssebotnen i Hordaland.  Han deltok i det første kompetanseprogrammet som Merkur gjennomførte i 1996. No har Tyrone Barlow-Wiggin og Nærbutikken Tyssebotnen fått pris som Årets nærbutikk i Hordaland.

HEIDERSPRIS: Tyrone Barlow-Wiggin fekk pris for Årets nærbutikk i Hordaland. T.h. Helge Schei i Merkur-programmet.

Tyrone Barlow-Wiggin vart heidra med diplom og blomster under Merkur-programmets kjøpmanns-samling for Hordaland i Bergen måndag kveld.

Engelskmannen har blitt ein populær og sentral mann i Tyssebotnen, der butikken er eit naturleg samlingspunkt i bygda.

«Taien på kaien» som han blir kalla på Osterøy, har i alle år vore både ein humørspreiar og eit forbilete for andre kjøpmenn i distrikts-Norge.

Konkurransen om kundane har blitt sterkare også på Tyssebotnen. Men nærbutikken har klart å halde stabil drift, med godt kjøpmannsskap, gode nøkkeltal og positivt resultat. Butikken har i dag ei netto omsetning på daglegvarer på 4,7 millionar kroner, i ei bygd med 65 husstandar.

Pioner i Merkur

Tyrone Barlow-Wiggin deltok i det første hovudprogrammet som Merkur gjennomførte. Tyrones største ønskje var å bli tippe-kommisjonær, og butikken på Tyssebotnen var blant dei første som fekk tippe-tenester etter at Merkur og Norsk Tipping hadde fått på plass ein samarbeidsavtale.

I dag har butikken både post og tipping, og Tyrone kan sjå tilbake på 41 år med butikkdrift og service for lokalsamfunnet.

Brukt som eksempel

Merkur har i mange år brukt butikken på Tyssebotnen som eksempel på god butikkdrift. Nye kjøpmenn blir tatt med til bygda på studietur. Eit besøk hos prisvinnaren har større pedagogisk effekt enn ein heil dag i eit møtelokale.

LES MEIR: Bygdebutikkane som nektar å døy     

Butikken er prega av velfylte hyller, ro og orden og ei triveleg atmosfære. Det smittande gode humøret gjer at latteren sit laust, og det er aldri langt mellom dei gode replikkane. Kjøpmannen er god til å utnytte salsarealet og vareutvalet framstår som spennande og variert, går det fram av juryen si vurdering.

Helsing frå statsråden

Prisvinnaren fekk opplest ei helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner under prisutdelinga:

- Tyrone og butikken i Tyssebotnen er ein del av grunnfjellet i Merkur. Du har vore med frå starten, og har vist veg for andre. Å lage eit attraktivt samlingspunkt for bygdefolket er ein viktig del av jobben for mange distriktskjøpmenn. Der har du lukkast, og mange kan lære av deg på det feltet, seier kommunalministeren.