Søknads-stopp hos Merkur

Merkur må seie stopp for nye søknadar om investeringsstøtte for 2016. Kassa er i ferd med å gå tom, og restmidlane må reserverast til dei innsende søknadene som er under behandling. Nye søknader må vente til 2017.

STOPP: Det er ikkje muleg å leggje inn nye søknader om Merkur-støtte i portalen Regionalforvalning.

Merkur har i år en ramme for investeringsstøtte-ordningene på 34 millioner kroner. Desse midlane vil bli fullt ut disponerte, når innsende søknader er ferdig behandla.

Det er usikkert kor mange av dei innsende søknadene som kvalifiserer for støtte, ut frå det regelverket Merkur forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Når kassa er tom, vil gjenståande søknader som innsendt på 2016-ordningane, bli overført til 2017. Det er såleis ikkje nødvendig for desse å sende inn ny søknad i 2017.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 er det foreslått en bevilgning på 28 millioner kroner til investeringsstøtte-ordningane. Endeleg sum blir ikkje klar før etter at budsjettet er vedtatt i Stortinget. Det skjer i miden av desember.

Det vil vere muleg å søkje på 2017-ordningane frå begynnelsen av januar neste år.