Utsira-butikken best i sørvest

Norges minste kommune har den beste nærbutikken på Sørvestlandet. Joker Utsira og kjøpmann Kjetil Klovning har fått pris for Årets nærbutikk, på Merkurs kjøpmannskonferanse i Haugesund.

PRISVINNAR: Kjetil Klovning (t.v.) fekk overrekt kjøpmanns-prisen av styreleiar Inge Ryan i Merkur.

Utsira er Norges minste kommune med kring 200 innbyggjarar. Lokalbutikken på øya vest i havet i Rogaland har likevel greidd å få ei omsetning på over 8 millionar kroner.

Medan andre nærbutikkar slit med betydeleg handelslekkasje til byar og større senter, kan butikken på Utsira glede seg over ei omsetning som ligg 15 prosent over det som øya sine eigne folk handlar for.

- Kjøpmann Kjetil Klovning har vore god i å utnytte lokale moglegheiter. I tillegg til godt butikk-handverk har kjøpmannen satsa på tilleggstenester og butikken som møteplass. Butikken blir brukt som eit godt eksempel på nærbutikk både lokalt og nasjonalt, heiter det i grunngjevinga for prisutdelinga.

Krevjande varelevering

Kjetil Klovning har tatt fagbrev i butikkfaget og har jobba ute i fire år før han kom tilbake til Utsira og overtok butikken etter faren, Leif K. Klovning. Dei siste sju åra har han bygt ut og vidareutvikla butikken, som i dag framstår som topp moderne.

I tillegg til sal av daglegvarer kan butikken på Utsira tilby post, tipping, apotek-varer, kafé, selskapslokale og turistinformasjon.

For å komme til Utsira må du ta båt i 1 time og 13 minuttar frå Haugesund. Logistikken med varelevering har i alle år vore krevjande, med båtturar i all slags ver.

Stolt statsråd

- Denne prisen er ein god motivasjon til å bli endå betre. Arbeidet med å utvikle butikken har vore ei fantastisk reise. Utan støtte frå Merkur hadde vi aldri kunne ha bygt ut butikken og etablert eit kafétilbod her, seier Kjetil Klovning i ein kommentar til prisutdelinga.

Kjøpmannen på Utsira fekk også helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner:

- Du har bygd vidare på gode familietradisjonar, du utnyttar dei lokale moglegheitene, du satsar på tilleggstenester og butikken som sosial arena. Det er slike kjøpmenn vi treng i små lokalsamfunn i distrikta. Eg er stolt over kva Merkur oppnår, og eg er imponert over engasjerte og flinke kjøpmenn, seier statsråd Jan Tore Sanner.