Bokhandlar får utviklings-støtte

Bokhandlar i distrikts-Norge kan få utviklingsstøtte gjennom Merkur-programmet. I 2017 blir det innført ei ny støtteordning for bokhandlarar som vil styrke butikken som sosial og kulturell arena. Kvar butikk kan søke om inntil 50.000 kroner.

LITTERATURHUS:  Bokhandlar Åshild Vere Jacobsen har gjort bokhandelen i Farsund til ein kulturell møteplass. No kan også andre bokhandlar få støtte gjennom Merkur til utviklingstiltak.

– Bokhandlarar kan møte konkurransen med netthandel ved mellom anna å utvide tilbodet og skape sosiale og kulturelle møteplassar i lokalsamfunnet, seiar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Merkur gjennomførte i 2014-15 utviklingsprosjektet «Bokhandelen som sosial og kulturell arena». Dette prosjektet viste at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. No gir erfaringane frå dette prosjektet grunnlag for ei heilt ny støtteordning for bokhandlar.  

LES MEIR: Sals-auke for små bokhandlar

Lokalt litteraturhus

Den nye støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ønskjer å utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Erfaringane viser at ei slik satsing kan generere tilleggsinntekter og styrke bokhandelen sin posisjon som kulturinstitusjon. Støtta skal vere til tiltak ut over vanleg drift og marknadsføring av bokhandelen. Ordninga skal gjelde små bokhandlar i distriktsområde.

LES MEIR: Dei vil selje bok-opplevingar

Store utfordringar

Mange distriktsbokhandlarar står ovanfor store utfordringar, knytt til omstilling, mellom anna fordi mange av distriktsbokhandlarane mista skuleboksalet for nokre år sidan. Netthandel og auka sal av bøker i daglegvarebutikkar gjer at bokhandlane strevar med å halde oppe omsetnaden.

I mange lokalsamfunn er bokhandelen ein viktig kulturinstitusjon. Det er viktig at butikkane omstiller seg, og finn sine nisjar og moglegheiter, ut frå føresetnader og potensial i lokalmarknaden.

Utviklingstøtte skal gjere det lettare for bokhandlane å gjennomføre omstilling og få til ei utvikling der bokhandelen i endå større grad blir ein sosial og kulturell møteplass.

50 bokhandlar

Merkur-programmet har arbeidd med utvikling av bokhandlar i distrikts-Norge sidan 2008, gjennom Merkur Bok. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar er i dag med i Merkur Bok.

Det er sett av inntil 500.000 kroner i Merkur-budsjettet for 2017 til utviklingstøtte for bokhandel. Meir informasjon om ordninga vil bli lagt ut på Merkur-programmets nettside i løpet av kort tid.