Regjeringa satsar på Merkur

Regjeringa satsar vidare på Merkur-programmet og foreslår ei tildeling på 37,3 mill. kr til kompetanseprogrammet og støtteordningane for daglegvarebutikkar i distrikta i statsbudsjettet for 2017. Dette er same beløp som vart løyvd for 2016.

MERKUR: Kommunalminister Jan Tore Sanner vil å satse vidare på Merkur-programmet og arbeidet med å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta.

- Dette er svært gledeleg. Forslaget til statsbudsjett for 2017 betyr at det viktige arbeidet med å utvikle distriktsbutikkar og gode teneste-tilbod blir vidareført i same omfang som no, seier dagleg leiar for Merkur, Helge Schei, i ein kommentar.

Kommunalminister Jan Tore Sanner ber om at Merkur også i 2017 skal leggje vekt på arbeidet med tilleggstenester som gir større lønsemd for den enkelte daglegvarebutikk.  

Målet for Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet skal også hjelpe til slik at butikkane kan få tilleggstenester i tilknyting til butikken som både gir større omsetning og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Alle daglegvarebutikkar i distrikta kan delta i Merkur-programmet dersom dei fyller krava til kundegrunnlag og avstand til alternative innkjøpsstader. De minste butikkane i dei mest perifere områda skal prioriterast.