«Handle-fest» for 375 nærbutikkar

Nærbutikk-dagen 2016 fekk rekord-oppslutning. 375 nærbutikkar og bokhandlar over heile landet markerte kampanjedagen for lokal handel på laurdag, med ekstra kunde-aktivitetar av ulike slag.

GOD STEMNING: Karin Johansen sørga for kaffi og servering til kundane ved Coop Marked Storekvina i Kvinesdal.

Oppslutninga om «Handle lokalt» har auka for kvart år. I fjor var det 275 butikkar som markerte Handle lokalt-dagen.

Laurdag var det servering av kaffi og kaker på mange nærbutikkar. Fleire stader var det  konkurransar, aktivitetar eller ekstra tilbod. Nokre stader stilte lokale lag og organisasjonar opp i butikken, som gode støttespelarar for bygdas butikk.

Mange aviser har sett søkjelys på nærbutikk og lokal handel den siste veka. Vidare har det blitt trykt mange lesarinnlegg med gode argument for lokal handel.

Målsettinga med Handle lokalt-kampanjen er å understreke kor viktig butikken er for lokalsamfunnet, både som møteplass og som servicesenter.

Bygdas samlingsplass

På Coop Marked Storekvina i Kvinesdal vart det servert gratis frukost frå klokka ni laurdag morgon. På eit bord like ved kaffikroken var det sett fram brød og pålegg, pluss pannekaker. Praten var godt i vang då Merkurs medarbeidar kom innom på besøk.

- Butikken er viktig for bygda her. Dette er samlingsplassen vår, seier karane i kaffikroken.

Frå Storekvina er det ti minuttar å kjøre til kommunesenteret. Mange av dei som bur i bygda, jobbar på Liknes. Då er det freistande å stikke innom ein lågprisbutikk etter arbeidstid, i staden for å handle på det lokale samvirkelaget.

Butikktilsett Karin Johansen stadfestar at handels-lekkasje er eit problem. Butikken har mange trufaste kundar, men det er også mange som brukar lokalbutikken berre til småkjøp. Ho gleder seg over at omsetninga har auka etter eit folkemøte i vår, der butikkens framtid var hovudtema.

Konkurranse for born

Nokre mil lenger sør i Kvinesdal ligg Coop Marked Feda. Lokal handel er eit viktig tema også her. Denne veka arrangerer butikken folkemøte om framtida, i samarbeid med Merkur, Coop og kommunen.

POPULÆRT: Hilde Karin Nielsen ved Coop Marked Feda inviterte borna i butikken til gjettekonkurranse.

Laurdag inviterte butikken til teiknekonkurranse for born og konkurranse om kor mange sjokoladebitar der var i eit stort syltetøyglass. I tillegg var det servering av kaffi og wienerbrød.

På den nystarta butikken på Ekne i Trøndelag var det salsboder og marknadsstemning laurdag. Kjøpmann Siv By hadde fått 12-15 utstillarar på plass på kampanjedagen og handelen gjekk livleg. Dei fleste av utstillarane var lokale produsentar.

LES MEIR: Nærbutikken på Ekne inviterte til fest

55 bokhandlar var med

55 distriktsbokhandlar deltok også i Merkurs lokalhandel-kampanje, for første gong. Bokhandlane delte ut eit spesielt bokmerke med 10 gode argument for lokal bokhandel.

FARSUND: Bokhandlar Åshild Vere Jakobsen markerte Handle lokalt-dagen i Farsund.

Tre lokale forfattarar var invitert til bokhandelen på Tynset, der det også vart servert kaffi og kake til kundane.

- Fordelen med den lokale butikken er at dei kjenner meg som kunde og veit kva eg er på utkik etter, seier Hedvig Rognerud til avisa Østlendingen.

 LES MEIR: Viktig å handle lokalt på Tynset