Statsråden opna kafé-bygget

Kommunalministeren fekk æra av å opne det kafé-bygget ved Batalden landhandel i Sunnfjord. – Eg har stor sans for Merkur. Det er eit unikt program som er avgjerande for busetting i mange lokalsamfunn, seier Jan Tore Sanner.

OPNING: Kjøpmann Jolanda Tervoort, kommunalminister Jan Tore Sanner og styreleiar Nils Tore Karstensen stod for opninga av kafén på Fanøy.

Det var fullt hus på nærbutikken på Fanøy i Flora kommune då statsråden klipte snora og markerte den offisielle opninga for tilbygget. Over 50 kundar og gjester pressa seg inn i kaféen, der det var servering av snittar og kaker.

- Eg har besøkt mange butikkar når eg har reist rundt i landet. Nærbutikkane betyr noko spesielt. Dei er nav og hjarte i lokalsamfunnet, seier kommunalministeren.

Sterkt engasjement

Batalden landhandel ligg ein halvtimes båttur frå Florø by. Då kjøpmann Jolanda Tervoort flytta dit frå Nederland for 15 år sidan, budde det 100 personar på Fanøy. I dag det kring 70 fastbuande, pluss hyttefolk og båtturistar.

Då den gamle butikken gjekk konkurs i 2009, vart det etablert ein folkeeigd butikk. Ein lokal fiskeopdrettar kjøpte butikkbygget og leiger ut til ein rimeleg pris.

I dag er det er sterkt engasjement rundt butikken. Fleire av kundane jobbar dugnad for å sikre drifta. Dei veit at butikken og båtrutene til byen er siste skanse for dette øysamfunnet.

FULLT HUS: Bygdefolk og gjester fyllte opp kaféen på opningsdagen.

Marginal drift

Jan Tore Sanner gav ros til folket på Batalden for det lokale engasjementet:

- Folk langs kysten har evner til omstilling. Når lokalsamfunna langs kysten overlever, så er det fordi folk har evne til å snu seg rundt og skape ny aktivitet, seier han.

Styreleiar Nils Tore Karstensen stadfestar at drifta av nærbutikken er marginal. Men drifta går med overskot takka vere dugnad og økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet.

- Støtte frå Merkur var heilt avgjerande for å kunne byggje ut butikken og etablere eit kafé-tilbod. Merkur bidrar sterkt til levande lokalsamfunn i distrikts-Norge, seier Karstensen.