Meir støtte til dei aller minste

Regjeringa vil støtte sterkare opp om dei aller minste daglegvarebutikkane i distrikta. I 2017 blir det innført ei ny støtteordning for butikkar som har under 3 millionar kroner i omsetning av daglegvarer. Desse butikkane kan få inntil 100.000 kr årleg som betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet.

Jan Tore Sanner_JolandaTervoort_Batalden landhandel.jpg

UTVIKLING: - Det er viktig at også dei minste butikkane får høve til å utvikle seg, seier kommunalminister Jan Tore Sanner. T.h. kjøpmann Jolanda Tervoort ved Batalden landhandel.

- Små daglegvarebutikkar er viktige samlingsplassar mange stader. At butikkane får moglegheit til å utvikle seg, bidrar til levande lokalsamfunn i heile landet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Tysdag ettermiddag stod han for den offisielle opninga av eit nytt kafebygg ved Batalden landhandel på Fanøy utanfor Florø. Samtidig lanserte han den nye støtteordninga som blir innført ved årsskiftet.

100.000 kr pr. år

Butikkar ­som har under 3 millionar kroner i årleg omsetnad kan frå og med 2017 få inntil 100 000 kroner per år i driftstilskot gjennom Merkur-programmet. Støtta skal bidra til å oppretthalde butikken, og gje forbrukarar og verksemder tenester dei treng. Ordninga gjeld butikkar med viktige servicefunksjonar i lokalsamfunnet.

 - Mange av butikkane er meir enn berre ein plass å handle, og no gir vi støtte for at også dei minste butikkane skal kunne utvikle seg meir. Vi ønsker levande lokalsamfunn i heile landet. Gode samlingsplassar er viktig for å oppnå dette, seier statsråd Sanner.

Skal sikre drifta

Statistikk frå Institutt for bransjeanalyse syner at dei minste butikkane har store utfordringar knytt til lønsemd. Dette er butikkar som er svært viktige for lokalsamfunna dei ligg i.

- Det er viktig for meg å understreke at støtta skal vere med å utvikle butikkane, og sikre vidare drift over tid. Eg er klar over at dei fleste butikkar av denne storleiken har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hjå butikkdrivarar og lokalbefolkninga.

Eg er verkeleg imponert over den innsatsen mange gjer, for å bygge lokalsamfunna sine. Det er positivt at vi kan vere med og stø opp om lokalt engasjement gjennom denne nye ordninga, seier Sanner.

Må tilby service

For å komme med i ordninga må butikkane oppfylle nærare definerte krav knytt til vareutval, omsetnad, geografisk plassering og avstand til neste butikk. Det endelege regelverket for den nye støtteordninga er under arbeid.

Butikkar som vil søkje om service-støtte, må dokumentere at dei tilbyr eit minimum av servicefunksjonar/tilleggstenester, i tillegg til daglegvarehandel. Aktuelle servicefunk­sjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service, med meir.

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdeparte­mentet sitt verkemiddel for å støtte opp om daglegvarebutikkar i distrikta.