Rekord-oppslutning om Handle lokalt

370 butikkar har meldt seg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 22.oktober. Dette er ny rekord for Merkur-programmet, som i år har tilbydd materiell både for nærbutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge.

Beach-flagg Joker Hinderåvåg_red.jpg

HANDLE LOKALT: Nærbutikkar over heileNorge vil aksjonere for lokal handel laurdag 22.oktober.

315 daglegvarebutikkar har no fått materiell for å gjennomføre ein nærbutikk-dag, i samarbeid med gode krefter i bygda.  Dette er 40 fleire enn i 2015, då 275 butikkar aksjonerte.

Men i tillegg deltar 55 bokhandlar i årets lokalhandel-kampanje. Merkur har fått laga eit bokmerke med gode argument for lokal bokhandel, og dette materiellet har fått svært god mottaking. Det er trykt opp 15.000 bokmerke og alt var rive vekk då fristen for påmelding var ute. Merkur har etterpå måtte seie nei til bokhandlar som ønskjer å vere med.

Nærbutikkane og bokhandlane er no i gang med å invitere kundar og andre interesserte til fest og markering laurdag 22.oktober. Butikkane har fått utsendt plakatar, flyers, bokmerke, ballongar og klistremerke.

Alle som kjem innom butikkane i dagane før aksjonsdagen, skal få utdelt ein flyer eller eit bokmerke med ti gode argument for lokal handel. Det er eit mål at kampanjen skal skape større bevisstheit om kor viktig lokal handel er for lokalsamfunnet si framtid.

Butikkane blir utfordra til å få lokale lag og organisasjonar med på å skape aktivitet i og rundt butikken. Dei fleste butikkane spanderer kaffi og kake på kundane på aksjonsdagen. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

Det er fjerde året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

HER ER HANDLE LOKALT-BUTIKKANE:

Nærbutikkar som deltar på Handle lokalt 2016

Bokhandlar som deltar på Handle lokalt 2016