Mest delt på Facebook i 2015

Lokalmat og lokal handel er viktig for alle som er opptatt av lokale butikkar. «Derfor skal du handle lokalt» og «Lokalmat populært»  var dei to mest leste Merkur-sakene på Facebook i 2015. Begge sakene nådde fram til over 20.000 personar.

MEST DELT: «10 gode grunnar for lokal handel» vart delt av 1200 personar i fjor.

Artikkelen med gode argument for lokal handel vart publisert på nettsida og Facebook-sida 29.oktober, i samband med Handle lokalt-kampanjen. Saka vart etter dette delt 1208 gonger på Facebook. Det er ny rekord for Merkur. 22.500 personar vart på denne måten nådd via Facebook.

I april laga NRK Hordaland ein tv-reportasje frå den nystarta butikken på Evanger ved Voss, med fokus på at mange kundar reiste langt for å kjøpe kortreist mat. Merkur følgde opp med ein artikkel på nettsida om den sterke satsinga på lokalmat. Denne artikkelen fekk mange likes, vart delt 38 gonger og nådde fram til 20.000 personar. Responsen på Facebook var også stor då Evanger landhandleri seinare på året vart kåra til årets Merkur-butikk i Hordaland.

POPULÆR BUTIKK: Her kan du lese artikkelen om Evanger landhandleri

Artiklar om engasjerte og dyktige kjøpmenn er populære på Facebook. Avisa Hammerfest sin reportasje om eldsjelene Marilou og André Larsen på Nordre Seilandvart delt 105 gonger og nådde fram til 14.800 personar. Ei melding om kjøpmann Morten Eriksen sitt engasjement for Skaland på Senja vart delt 343 gongar og nådde fram til 12.000 personar.

Merkur når stadig fleire gjennom den sosiale nettstaden Facebook.   Like før jul passerte FB-sida ein milepæl ved å få 1000 likes. I dag er det 1026 personar som får oppdateringar frå Merkur på kva som skjer med nærbutikkane i distrikts-Norge.

Merkur har i dag nesten like mange følgjararsom Kommunal- og moderniseringsdepartementet- og litt fleire enn Distriktssenteret. Men like viktig som talet på likes, er engasjementet til dei som følgjer oss. Merkur opplever eit langt større engasjement i form av likes, kommentarar og delingar enn det som er vanleg på andre offentlege sider med like mange følgjarar.

Facebook har blitt eit godt verktøy til å fortelje om kor viktig butikkane er for framtida til bygdene. Merkur ønskjer å få fram dei gode historiene og inspirere flest mogleg til å satse på butikken som bygdas servicesenter.

Del gjerne oppslag du likar, slik at endå fleire vil satse på butikk-utvikling og handle lokalt!