Tøft for dei minste butikkane

Det er krevjande å drive ein liten nærbutikk i distrikts-Norge, når folketalet stagnerer eller går tilbake og det blir færre kundar i butikken.  Halvparten av Merkur-butikkane med under 2,5 mill. kroner i daglegvare-omsetning, gjekk med underskot i 2013.

UTKANT-BUTIKK: Kvelibua i fjell-kommunen Lierne på grensa til Sverige er ein av dei små butikkane med avgrensa marknad og behov for tilleggstenester, for at butikken skal kunne overleve.

580 distrikts-butikkar deltar i dag i Merkur-programmet. Den gjennomsnittlege omsetninga for desse butikkane ligg på 7-8 mill. kroner.  Omsetninga har vore stigande over fleire år, trass i tøff konkurranse med større butikkar i byar og kommunesenter.

Merkur-butikkane har hatt større omsetningsvekst enn andre og større distriktsbutikkar dei siste seks åra. Men mange av dei minste butikkane slit både med sviktande omsetnad, svakt kundegrunnlag og dårleg økonomi, viser ein ny rapport frå Institutt for Bransjeanalysar (IBA).

Dei fleste av desse butikkane er lokalisert til øyar langs kysten eller til fjordbygder eller fjellbygder - med lang avstand til neste innkjøpsstad.  Dersom desse butikkane blir lagt ned, vil det sette fart i fråflyttinga. Både næringsliv og folk i lokalsamfunnet er langt på veg avhengige av lokalbutikken for å få dekt sine behov for daglegvarer og anna service.

Underskot for 1 av 2

Kring 70 av Merkur-butikkane har ei årsomsetning av daglegvarer som ligg under 2,5 mill. kroner. 130 butikkar har ei omsetning som ligg mellom 2,5 og 5,0 mill. kroner.

I perioden 2009-2013 fekk butikkane med under 2,5 mill. kr i omsetning ein nedgang i salsinntektene på 18 pst.  Det er alvorleg når omsetninga er så liten frå før. Men butikkane greidde langt på veg å kompensere for sviktande daglegvare-sal, ved skaffe seg fleire tilleggs-tenester og større tilleggs-inntekter. Posten «andre inntekter» auka med heile 24 pst. i denne perioden. Bruttofortenesta for desse små-butikkane vart likevel redusert.

Halvparten av Merkur-butikkane med under 2,5 mill. kr i omsetning, kom ut med underskot i 2013. Situasjonen var ikkje så mykje betre for dei litt større butikkane. 4 av 10 Merkur-butikkar med omsetning under 7,5 millionar kroner, måtte akseptere eit underskot i 30, viser IBA sin rekneskaps-analyse.

Flest i Nord-Norge

Det er Nord-Norge som har dei minste butikkane. Gjennomsnitts-butikken i nord hadde i 2013 ei salsinntekt på 7,3 mill. kr. Merkur-butikkane på Vestlandet, Østlandet og Sørlandet hadde ei gjennomsnittleg omsetning på rundt 10 mill. kr. Men både Sogn og Fjordane og Hordaland har mange butikkar med ei omsetning som ligg mellom 2,5 og 5,0 mill. kr.

Merkur-butikkar med omsetning over 7,5 mill. kr greier seg jamt over betre enn dei mindre butikkane. Resultatet er betre, eigenkapitalen er høgre og butikkane har ei lønnsevne som gjer at dei kan betale ei normal løn til den daglege leiaren.