Svenske utkant-butikkar får driftsstøtte

Sverige har innført ei ordning med servicestøtte eller driftsstøtte for utsette butikkar i distrikta. Regjeringa er villig til å bruke 35 millionar svenske kroner i 2016 til støtte for utkantbutikkar som er spesielt sårbare eller utsette.  Målet er å sikre eit minimum av kommersiell service både for enkeltpersonar og bedrifter i distrikta.

VIKTIG SERVICE: Daglegvare-butikkane er avgjerande viktig for servicen på landsbygda. Derfor innfører den svenske regjeringa ei ny støtteordning for dei aller minste butikkane.

Sverige har hatt ei ordning med investeringsstøtte for utsette distriktsbutikkar i fleire år.  Regjeringa meiner at denne støtteordninga ikkje er tilstrekkeleg for å halde oppe service-tilbodet i utkantane. Derfor gjorde regjeringa 22.desember i fjor vedtak om å ei ekstra løyving på 140 millionar kroner til driftsstøtte, fordelt over fire år.

Svenske utkant-butikkane kan etter dette få opptil 300.000 kr i årleg driftsstøtte. Det er eit vilkår at der et minst 15 km avstand til neste butikk.

- Tilgang til service er ein av føresetnadene for vekst og utvikling på landsbygda. Dersom det ikkje går an å handle mat eller tanke bilen i rimeleg avstand frå der du bur, er det vanskeleg for ei bygd å vere attraktivfor kvinner, menn, bedrifter og besøkande, seier landbruksminister Sven-Erik Bucht i ei pressemelding.

Rett til kommersiell service

Sverige har i dag kring 400 daglegvarebutikkar i område der det er problem med fråflytting og nedlegging. I løpet av det siste tiåret har kvar fjerde butikk på landsbygda forsvunne, går det fram av den offentlege utgreiinga «Service i glesbygd» (SOU 2015:35) som vart lagt fram i fjor  Svært mange av dei butikkane som framleis eksisterer, har så svak økonomi at dei ikkje har råd til å modernisere.

Tilgang til service er ein av føresetnadene for vekst og utvikling på landsbygda
— Sven-Erik Bucht, svensk landbruksminister

Utgreiinga «Service i glesbygd» meiner at folk og bedrifter i distrikts-Sverige har krav på eit minimum av kommersiell og offentleg service for at kvardagen skal kunne fungere tilfredsstillande. Tilgang på daglegvarer, drivstoff, apotek-varer, post og betalingstenester blir definert som grunnleggande kommersiell service.

Rapporten konkluderte med at det hastar å få etablere ei ny ordning med driftsstøtte, i tillegg til dei støtteordningane som finst frå før.

To nye støtte-ordningar

«Service i landsbygd» kom med forslag om oppretting av to nye statlege støtteordningar:

  • Butikkar med netto-omsetnad på 2-11 millionar kroner, kan få opptil 300.000 kr i driftsstøtte pr. år. Vilkåret er at det er minst 15 km avstand til neste butikk. Butikken må halde oppe minst 40 timar pr. veke.
  • Mini-butikkar med netto-omsetnad på under 2 millionar kroner, kan få 100.000 kr i driftsstøtte pr. år. Det er eit vilkår at butikken har ope minst 20 timar pr. veke.

Butikkar som skal få støtte, skal i utgangspunktet ha tilleggstenester som post, apotek, tipping og utlevering av polvarer.

- Dei statlege selskapa bør ta eit særskilt ansvar for at deira tenester skal vere tilgjengelege både i dei butikkane som mottar driftsstøtte og på landsbygda elles. Dette har med desse selskapa sitt samfunnsoppdrag å gjere, blir det sagt.

Ikkje i strid med EU-reglar

Rapporten har vurdert nøye om ei ordning med driftsstøtte kan vere i strid med EU sine reglar om fri konkurranse. Men konklusjonen er at det forslaget om service-støtte er innafor EU-regelverket.

LES MEIR:  «Service i glesbygd» (samandrag av rapporten)

Den første støtteordninga blir definert som «støtte av mindre betydning gitt til føretak som tilbyr tenester av allmenn økonomisk interesse». Støtteordninga til dei aller minste butikkane blir definert som «støtte av mindre betydning» (bagatellmessig støtte).

200 butikkar kan få støtte

Det blir rekna med at den nye støtte-ordninga vil kunne omfatte mellom 160 og 200 butikkar. Dei svenske butikkane må søkje om støtte gjennom fylkeskommunen. Sverige har ikkje noko felles sekretariat for distriktsbutikkar, tilsvarande den rolla Merkur-programmet har i Norge.

Norge gir i dag ikkje driftsstøtte til daglegvarebutikkar. Støtte-ordninga som Merkur forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, gjeld støtte til investeringar. Ein mindre del av støttemidlane går til utviklings- og aktivitetstiltak hos dei aller minste butikkane.