Merkur på studietur til Troms

Alle som jobbar med Merkur-programmet, har gjennomført ein felles studietur til utvalde butikkar og lokalsamfunn i Nord-Norge. I løpet av tre dagar har styret, konsulentane og sekretariatet besøkt fem butikkar i Troms og Nordland, pluss to svenske butikkar langs vegen mellom Narvik og Kiruna.  

HER ER MERKUR: Både styre, konsulentar og sekretariatet deltok på årets studietur.

Reisefølgjet på 21 personar fekk også med seg eit besøk hos Spesialgrossisten Senja som har spesialisert seg på distribusjon av lokalmat til butikkar over store deler av Nord-Norge.

Styret for Merkur-programmet gjennomfører kvart år ein studietur for å sjå og høyre korleis kvardagen er for distriktsbutikkane. I fjor gjekk turen til grensebygder i Nord-Trøndelag og Jämtland; året før var det Helgeland som fekk besøk. 

Årets tur hadde fokus på Senja, med besøk på Joker Skaland og Matkroken Gryllefjord på yttersida av Senja. Kjøpmann Morten Eriksen orienterte om utviklinga av butikken på Skaland og korleis butikken kan vere katalysator for både næringsutvikling og bygdeutvikling.

STUDIETUR: Tre av medlemene i Merkurs programstyre ser på vareutvalet i Coop Konsum sin butikk i Katterjåkk. F.v. Sylvi Berg Holene, Malene Aaram Vike og John Karsten Hustveit.

På vegen nordover var det også stopp hos Matkroken Tovik og Joker Gratangen. Merkur-arbeidarane fekk også oppleve den fantastiske naturen på Senja.

Siste dag gjekk turen frå Narvik over fjellet til dei svensk-norske hytte-bygdene Riksgränsen og Katterjåkk, der konkurrentane Coop og Ica har etablert kvar sin butikk. Siste stopp var på Joker Liland i Evenes, som har blitt nominert til Årets Joker-butikk.

Rådmann Steinar Sørensen på Evenes gav utrykk for at butikken betyr svært mykje for busettinga i eit lokalsamfunn som Liland.

- Vi prøver å støtte opp om butikken ved å la skule og barnehage få handle lokalt. Vi ønskjer også å få til ei ordning med sjølvbetjent bibliotek i butikken, fortalde Steinar Sørensen.

LOKALMAT: John Erik Olsen frå Spesialgrossisten Senja orienterer om firmaets satsing på lokalmat.