Kva slags distriktspolitikk vil du ha?

Merkur-programmet har i 20 år vore ein viktig del av norsk distriktspolitikk. No startar regjeringen arbeidet med å lage ei ny stortingsmelding om distriktspolitikk og bypolitikk. Kommunalminister Jan Tore Sanner ber om gode innspel på korleis det kan leggast til rette for vekst og verdiskaping over heile landet.

DISTRIKT: Nærbutikken spelar ei viktig rolle i distrikts-Norge. Biletet er frå Korshamn i Alta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lagt ut eit diskusjonsnotat med tittelen «Bærekraftige byer og sterke distrikter» på ein eigen nettstad. Her kan du legge inn innspel og kommentarar.

- Eg treng dine innspel på korleis vi best kan ruste Norge for framtidas utfordringar og leggje til rette for berekraftig vekst og verdiskaping i heile landet, seier Jan Tore Sanner.

- Dei viktigaste ressursane er godt fordelte i vårt langstrakte land.  Nokre ligger i distrikta, mens andre ligger i byane. Da må vi ha ein politikk som skaper sterke regionar, og vi må sjå til at by og distrikt kan trekke i same retning, legg han til.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar har fått god omtale i tidlegare stortingsmeldingar om distrikts- og regionalpolitikk. I den siste meldinga,  «Ta heile Noreg i bruk», som vart lagt fram i 2013, blir det slått fast at ein daglegvarebutikk som ligg rimeleg nær bustaden, er ein heilt grunnleggande verdi for folk. Stortingsmeldinga seier også at investeringsstøtte er ein viktig føresetnad for at butikkane skal utvikle seg og gi eit varierert og godt tenestetilbod for folk i dei minste lokalsamfunna i åra framover.

I diskusjonsnotatet som no er lagt fram, blir det ikkje sagt noko spesielt om distriktsbutikkar. Departementet set søkelys på fleire sider ved dagens samfunnsutvikling. Det gjeld mellom anna vekst i storbyane og folketalsnedgang i utkant-område, vanskeleg bustadmarknad både i byar og på landsbygda, uttynning av næringslivet i innlandet og indre fjord- og dalstrøk og inkludering av arbeidsinnvandrarar.

Regjeringa varslar ei fornying av regionalpolitikken. Dei vil leggje til rette for vekst i heile Norge, ved å utvikle samspelet mellom byar og regionar og gi næringslivet betre rammevilkår. Auka satsing på infrastruktur og skattelette er viktige stikkord for denne politikken.

Kommunaldepartementet har valt ut fire tema som dei meiner er mest aktuelle for innspel. Det gjeld vekstkraftige bu- og arbeidsmarknader i heile landet, nye føresetnader for distriktspolitikken, samordna løysingar og attraktive bymiljø, pluss utfordringane i Oslo-området.

Departementet lovar at dei vil lese alle innspel nøye, men dei vil ikkje kunne svare på eller kommentere  enkeltinnlegg. Alle innspel vil bli publisert på nett. Den nye stortingsmeldinga vil etter planen bli lagt fram tidleg i 2017.

Har du eit råd eller eit innspel du vil gi til kommunalministeren, kan du bruke kommentarfeltet som ligg under dei ulike tema på departementet si side.
 

LES MEIR: Diskusjonsnotat om bærekraftige byer og sterke distrikter