Positiv utvikling for små bokhandlar

Det er tøft å drive bokhandel i distrikts-Norge, men langsiktig arbeid med sal og økonomi gir resultat. Merkur-bokhandlane på Sørvestlandet har stoppa nedgangen i omsetninga, fått betre inntening og ei positiv økonomisk utvikling.

FORLAGSBESØK: Bokhandlarane frå Sørvestlandet på besøk hos forlagshuset Vigmostad & Bjørke, sammen med Merkur-konsulentane Per Spillum (raud bukse) og Lars Helgeland. (t.h.).

Merkur-konsulent Per Spillum har gått gjennom dei økonomiske nøkkeltala for ni distriktsbokhandlarariHordaland, Rogaland og Vest-Agder. Alle bokhandlane har deltatt aktivt i Merkur Bok.

- Omsetninga har vore stabil frå 2013 til 2014. Hovudinntrykket er likevel at bokhandlane har hatt ei positiv utvikling på dei fleste område når det gjeld økonomiske nøkkeltal. Det betyr at bokhandlarane har gjort ein god jobb, seier Per Spillum.

Større forteneste

Dei økonomiske nøkkeltala for bokhandlane på Sørvestlandet vart lagt fram på regionkonferansen til Merkur Bok i Bergen. Bokhandlane i denne regionen haddei fjor ein gjennomsnittleg netto omsetnad på 3,6 mill. kr. Omsetnaden har vore stabil dei tre siste åra, etter ein nedgang i 2010-11.

Brutto-fortenesta for bokhandlane har blitt noko betre siste året. Det betyr at bokhandlane har greidd å halde oppe prisane, fåttredusert svinn og totalt sett fått betre drift.

Resultatgraden for bokhandlane har auka frå 3,7 til 4,7 prosent. Det betyr at bokhandelensit igjen med knapt 5 kroner for kvar 100-lapp som blir slått inn i kassa.

- Dette er noko de kan vere stolte av. Eg vil gi bokhandlane ros for veldig god drift, sa Merkur-konsulent Lars Helgeland på konferansen.

Forfattar-besøk

Dei to Merkur-konsulentane har jobba som rådgjevarar for bokhandlane på Sørvestlandetsidan etableringa av Merkur Bok i 2008. Kvart år blir bokhandlane samla til felles konferanse der det blir utveksla erfaringar og sett søkelys på korleis bokhandlane kan utvikle seg både som faghandel og som eit lokalt kulturhus.

Tre av bokhandlane har deltatt i eit pilotprosjekt i regi av Merkur-programmet. Bokhandlane i Farsund, Suldal og Sokndal har fått ekstra hjelp til utvikle seg som en kulturell og sosial møteplass for sine lokalsamfunn.

Prosjektet viser at små bokhandlar kan få fleire kundar ved å satse på forfattar-besøk og kultur-arrangement.  Desse bokhandlane har fått både vekst i omsetninga og større oppmerksomheit i lokalsamfunnet.

Ser lyst på livet

Farsund bokhandel hadde i fjor ein salsauke på 4 prosent, etter fem år med tilbakegang. Horjen Sokndal noterte seg for ein vekst på 21 prosent, etter å ha fått tilbake salet av skulebøker. Ryfylke Bok og IT fikk en liten nedgang på boksal, men samla sett fikk bedrifta ein omsetningsvekst på 50 prosent.

- Dette er imponerande tall, når ein tar omsyn til historiske tall og den generelle utviklinga i bok-bransjen, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland, som har leia prosjektet.

LES MEIR: Salsøkning for små bokhandlere

- Eg ser lyst på livet. Men ingenting kjem av seg sjølv. Vi har satsa på aktivitetar og ønskjer å framstå som ein litt annleis bokhandel. Vi vil lage ein kultur-bokhandel, seier bokhandlar Åshild Vere Jacobsen i Farsund.