Bygdekvinnelaget støttar «Handle lokalt»-kampanjen

Norges Bygdekvinnelag (NBK) støttar opp om kampanjen for lokal handel. Generalsekretær Cesilie Aurbakken oppfordrar 14.000 medlemmer i 500 lokallag til å ta kontakt med sin lokale butikk for å diskutere samarbeid om markeringa av aksjonsdagen laurdag 31.oktober.

SAMARBEID: - Vi vil gjerne støtte opp om lokalbutikkane, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken i Bygdekvinnelaget. T.v. kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Bygdekvinnelaget har i år sendt ut informasjon om «Handle lokalt»-kampanjen til alle sine lokallag.

- Vi støttar Merkur sitt arbeid med å styrke nærbutikken og oppmodar lokallaga om å ta direkte kontakt med den lokale butikken for å diskutere samarbeid på aksjonsdagen der forholda ligg til rettes for det, skriv generalsekretær Cesilie Aurbakken i eit brev til lokallaga.

«Jeg mener at lokale uformelle møteplasser er viktige, og anbefaler at de som har lyst og mulighet bruker 31.oktober til å gjøre litt ekstra for å markere dagen for lokal handel. Det kan være et leserinnlegg i avisa eller en liten aksjon på nærbutikken», skriv leiar Marna Ramsøy i NBK.

Glad for støtte

Kommunikasjonsrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur er svært glad for støtta frå Bygdekvinnelaget. Merkur tok initiativ til eit samarbeid med bygdekvinnene i fjor, for å få større tyngde i arbeidet for levande lokalsamfunn. NBK var positive, og fleire lokallag stilte opp med matservering eller andre aktivitetar på lokalbutikkar – til glede for bygdefolket.

No blir samarbeidet mellom Merkur og NBK utvida, ved at alle lokallag over heile landet blir utfordra av generalsekretær og leiar til å engasjere seg i nærbutikk-kampanjen.

- For Norges Bygdekvinnelag som forbrukarorganisasjon har nærbutikken alltid vore viktig, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken.

130 butikkar påmelde

«Handle lokalt – velg nærbutikken» sil fokusere på kor viktig butikken er som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel. Handle lokalt-kampanjen blir organisert av Merkur-programmet, som er Kommunaldepartementets program for å utvikle og støtte butikkar i distrikts-Norge.

Merkur-programmet har som målsetting at 300 butikkar skal delta i kampanjen for lokal handel. Så langt er det registrert 130 påmeldingane, men siste frist for påmelding er 30.september. Påmeldinga skjer gjennom eige skjema på Merkurs nettside.

Alle butikkar som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform. 

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen