Fjellbygda fekk tilbake butikken

Annette og Kenneth sikrar ny drift av butikken i Tessungdalen i Telemark. Etter tre år i Østfold fann sambuarparet ut at dei ville starte butikk i Tinn. Med seg på flyttelasset har dei ei dotter på fire veker.

SATSAR: Annette Lien og Kenneth Grønstad har starta opp igjen butikken i Tessungdalen. Foto: Asbjørn Torgersen, Varden

Siste veke vart Gavlen fjellhandel i Tessungdalen opna av fylkesordførar Terje Riis-Johansen. Arrangørane hadde fått fylkesordføraren til å kjøre dei siste seks kilometerane med traktor, slik at han skulle få oppleve korleis det er å måtte kjøre på ein humpete fylkesveg.

- Makan til dårleg fylkesveg har eg aldri kjørt på. Det er heilt klart at det her må vedlikehald til, kommenterte han til Varden etter butikk-opninga.

Stod utan butikk

Fjellbygda Tessungdalen har vore utan butikk etter den gamle drivaren måtte stenge dørene i april. Annette Lien som no tek over butikken, er fødd og oppvaksen i Tessungdalen. Men utdanning som radiograf har ført henne til jobbar i Sverige og Østfold.

Sambuar Kenneth Grønstad som er utdanna elektrikar, kjøpte hytte i Tessungdalen for tre år sidan. No har paret flytta til bygda og starta opp igjen nærbutikken.

- Vi er begge klar over at det kan bli tøffe tak, seier Kenneth Grønstad til Varden.

Viktig for busetting

Annette og Kenneth har fått god hjelp av Merkur-programmet til å føre drifta vidare. Tessungdalen har også ein bensinstasjon som har fått tilskot gjennom Merkur.

- Vi har stor tru på dette prosjektet. Dalen er inne i ein positiv trend der mange har flytta tilbake for å busetje seg, seier Annette og Kenneth.

Ordførar Steinar Bergsland i Tinn seier at det er avgjerande for positiv utvikling og busetting i dalen at nærbutikken og drivstoffanlegget får støtte gjennom Merkur. Butikk-anlegget har også fått økonomisk støtte frå kommunen og Telemark fylkeskommune.

Gavlen Fjellhandel er knytt til Snarkjøp. Drivarane ønskjer å stå mest mogleg fritt når det gjeld lokalprodusert mat og andre varer dei vil ta inn i butikken.