Bli med på handle-lokalt-kampanjen

Laurdag 31.oktober blir det ny aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken».

HANDLE LOKALT: Inviter kundane dine til besøke butikken  på kampanjedagen 31.oktober.

Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Stor interesse

I fjor var det rekordstor påmelding til kampanjen for lokal handel. 240 butikkar markerte dagen på ulike måtar. Dei fleste butikkane spanderte kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar gjekk ut med spesielle tilbod. Andre nytta anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

Slagordet «Handle lokalt – velg nærbutikken» som vart tatt i bruk i fjor, vil bli vidareført i år.  Alle som kjem innom lokalbutikken i dagane før aksjonsdagen, skal få utdelt ein flyer med takk for at dei har handla i sitt eige lokalsamfunn. Dei vil også få ein invitasjon til aksjonsdagen, pluss gode argument for lokal handel.

GLADE KUNDAR: Dei fleste butikkane vel å markere kampanjedagen med kaker og kaffi til alle kundar. Dette biletet er tatt ved Åkrafjordtunet i Hordaland.

Kva som skjer på sjølve nærbutikk-dagen, vil elles kunne variere litt frå butikk til butikk. Det viktigaste er at det blir skapt engasjement for lokal handel.  

Viktig kampanje

Alle butikkar som deltar i kampanjen, vil få materiell tilsendt gratis. Det gjeld plakatar, flyers, klistremerke og ballongar. Det er trykt opp materiell både på nynorsk og bokmål, slik at alle får materiell på si målform.  

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive også for ny busetting, seier Per Kjetil Jørgensen.

Merkur-programmet har som målsetting at 300 butikkar skal delta i årets kampanje for lokal handel. Dei første påmeldingane har alt kome inn, før lansering av kampanjen. Siste frist for påmelding er 30.september. Påmeldinga skjer gjennom eige skjema på Merkurs nettside.

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen