Sommar-trafikken sikrar nærbutikken

Sommar-turistane er med på å sikre mange distriktsbutikkar. I Solvorn i Sogn har ein familie starta opp igjen den nedlagde butikken og kafeen. Utan turist-trafikken hadde det vore langt vanskelegare.

TURIST-BUTIKK:  Solvorn i Sogn har fått tilbake nærbutikken. Det er positivt både for turistane og lokalbefolkninga. Foto: NRK

Ekstra handel om sommaren er heilt avgjerande for økonomien for mange små nærbutikkar, som går med underskot gjennom hele vinterhalvåret. Nokre stader står hyttefolk og turistar for opptil halvparten av årsomsetninga i lokalbutikken.

I mange små turistkommunar står sommarsesongen for meir enn en fjerdedel av årsomsetninga i butikkane. Utan sommargjestar ville ikkje butikkane hatt råd til å halde ope resten av året. Då ville lokalbefolkninga ha fått eit langt dårlegare service-tilbod.

Innslag i Dagsrevyen 21

I fjor haust vart bygda Solvorn i Luster i Sogn utan butikk. No har sambuarparet Grete Bugge og Roger Brattebø fått gjenopna både butikken og kafeen.  NRK Vestlandsrevyen og Dagsrevyen 21 /Norge i dag har laga ein tv-reportasje om nærbutikken.

SJÅ TV-REPORTASJE: Utkantbutikkar treng turistar (Dagsrevyen 21)

- Dette er samlingsplassen i bygda. Sjølv om det er stilt her om vinteren, så er butikken ein viktig plass. Ikkje minst kafeen der folk kan møtast. Eg trur at folk er veldig glad for at dette tilbodet har kome på plass igjen, seier kjøpmann Grete Bugge til NRK.

- Det blir dødt og trist her utan butikk. Så det er veldig kjekt at folk vil satse. No er det viktig at vi støttar opp og handlar mykje, seier turistvert Jannike Skår.

Satsar på reiseliv

Det er lokale gründerar som no har satsa på butikkdrift i turistbygda Solvorn. Familien til Grete Bugge driv båtselskapet som har ansvar for ferja mellom Urnes og Solvorn. Dei driv også turistverksemda Urnes Gard og hjortefarm med servering, overnatting, bærproduksjon og vidareforedling. Reisemålet Urnes stavkyrkje er nærmaste nabo.

- Vi håpar at butikksatsinga og båtdrifta kan utfylle kvarandre, seier Bugge til Sogn Avis.

GRÜNDER: Grete Bugge (t.v) og Roger Brattebø driv både båtselskap og lokalbutikk. Familien er også engasjert i reiselivsverksemd på Urnes. Foto: NRK

Butikken på Solvorn ligg få meter frå sjarmerande Walaker hotell, som er Norges eldste hotell.

- Nærbutikken er perfekt. Den har alt du treng, alt som du ikkje får på hotellet, smiler den amerikanske turisten Michael Switzer.

Støtte frå Merkur

Nærbutikken i Solvorn har fått både konsulent-hjelp og økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet i samband med gjenopninga. Det er ei målsetting å få til kafé-tilbod både på dagtid og kveldstid. Eigarane planlegg også spesielle arrangement for å samle folk i bygda.

- Butikken er ein veldig viktig del av infrastrukturen i distrikts-Norge. Vi snakkar om at skular er viktig og at barnehagar er viktig. Men butikken er også viktig. Utan ein nærbutikk er det veldig vanskeleg å få folk til å busette seg ute i bygde-Norge, seier rådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet.

- Det som skjer i Solvorn er spennande. Når du får til eit samspel mellom reiseliv og butikk-drift,  kan det gi den tilleggsinntekta som er nødvendig for mange små og utsette butikkar, legg han til.

SJÅ TV-REPORTASJE: Utkantbutikkar treng turistar (Vestlandsrevyen/Dagsrevyen 21)