Satsar på utbygging og modernisering

Nærbutikkane har tru på framtida. Småbutikkane i Sogn og Fjordane ligg på topp i landet når det gjeld vilje til å satse på utbygging og modernisering. Meir enn halvparten av dei 45 nærbutikkane i fylket er i gang med eit investerings-prosjekt dette året.

SATSAR: Dagleg leiar, Henny Råheim, på nærbutikken i Viksdalen og styreleiar i Viksdalen butikkbygg, Steinar Hatlestad, har utvida butikken for å gjere den meir attraktiv for bygdefolket. Foto: Rune Fossum, NRK

Det er svært stor interesse for opprusting og modernisering av butikkane over heile Norge. 121 nærbutikkar har fått støtte til viktige investeringar gjennom Merkur-programmet i 1.halvår 2015. Dersom etterspørselen blir like stor utover hausten, går det mot eit nytt rekordår for Merkur.

I løpet av årets seks første månader har Merkur gjeve tilsegn om økonomisk støtte til investeringar i butikk og drivstoffanlegg for 25,3 millionar kroner. Dette er meir enn rekordåret 2013, då det vart formidla støtte for 19 millionar kr på same tid.

Større kaffikrok

Viksdalen Handel i Gaular er ein av butikkane i Sogn og Fjordane som har fått støtte gjennom Merkur-programmet i 2015. Dei har utvida butikk-bygget for å få ein større kaffikrok for kundane sine. Dei har også fått på plass ein pante-automat.

LES NRK-REPORTASJE: Nærbutikkar med tru på framtida (NRK Sogn og Fjordane)

– Automaten har letta arbeidsdagen for oss. No slepp vi å telje flaskene sjølv, seier kjøpmann Henny Råheim til NRK Sogn og Fjordane.

Samla inn 2,3 mill. kr

Butikken i Viksdalen ligg fire mil frå handelssenteret Førde og 25 km frå kommunesenteret Sande. Mange må reise ut av bygda for å få arbeid, men lokalbutikken står veldig sterkt. Då det var behov for nye og moderne lokale i 2008, vart det etablert eit folke-aksjeselskap og samla inn 2,3 mill. kroner fordelt på 260 aksjeeigarar. Der er norsk rekord! Ingen andre bygder har stabla på beina så mykje pengar for å sikre nærbutikken.

– For bygda har dette vore viktig. Vi fekk ein stor og flott butikk. Samstundes fekk vi eit nytt samlingspunkt,  seier styreleiar Steinar Hatlestad til NRK.

– Det er eit spenningsmoment at vi ligg nær Førde sentrum. Men så langt har det gått veldig bra. Folk er bevisste, dei er medeigarar i bygget, og det gir dei ei tilhøyrsle til butikken, seier kjøpmann Henny Råheim.

Kultur for utvikling

Det er tre fylke peikar seg ut når det gjeld ekstra stor investeringsvilje: Sogn og Fjordane, Hordaland og Nordland.  Desse fylka har også mange små nærbutikkar, med stort behov for opprusting.

– Butikkane i Sogn og Fjordane har ein kultur for å jobbe med modernisering. Fylket har veldig mange dyktige og engasjerte kjøpmenn som har tru på butikken sin og bygda si. Desse kjøpmennene har også eit  godt samspel mellom butikken og bygda. Dette er ofte nøkkelen for nærbutikkane, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur i ein kommentar.

Ingen andre norske bygder har stabla på beina så mykje pengar for å sikre nærbutikken.

Størstedelen av Merkur-midlane som no er fordelte, 20,2 millionar kroner, skal gå til investeringar i butikkane. Pengane skal brukast til nye kjølediskar, frysarar, utviding, oppussing av butikklokalet og liknande. Stadig fleire butikkar satsar også på utviding av kaffikroken eller etablering av kafé-tilbod slik at butikkane i endå større grad kan fungere som bygdas sosiale møtestad.

4,1 millionar kroner skal gå til modernisering eller utbygging av drivstoffanlegg i tilknyting til butikken. 1 million kroner går til utviklings- og aktivitetsstøtte til dei aller minste butikkane.


Her er oversikt over butikkane som har fått tilsegn om støtte frå Merkur 1.halvår 2015