Snarkjøp får fleire nærbutikkar

Tank Snarkjøp er i vekst. 24 nærbutikkar over heile landet er knytt til den nye kjeda, med hovudkontor i Kristiansand. Dagleg leiar Per Eivind Vik reknar med å opne 10-12 nye butikkar  dette året og har ambisjonar om ytterlegare ekspansjon.

EKS-MATKROKEN: - Vi valde å gå over til Snarkjøp på grunn av den lokale fridomen, seier kjøpmann Ann Kristin Henriksen (t.h.) ved Bygdebutikken på Arnøya.

Fleire av Snarkjøp-butikkane har tidlegare vore knytt til Nærbutikken. Men etter eigarskifte har det også blitt kjede-skifte. To av dei nyaste Snarkjøp-butikkane var tidlegare ein del av Matkroken.

Snarkjøp reklamerer med større fridom og meir sjølvstende for den lokale kjøpmannen. Kjeda har ingen omfattande franchise-avtale og ingen faste tilbod eller kampanjar. Hylleprisen blir justert nokre få gonger for året.

- Vi set kremmarskap, fridom og sjølvstende i fokus. Den lokale kjøpmannen skal få lov til å vere kjøpmann, seier dagleg leiar Per Eivind Vik  i Tank Snarkjøp

Exit Matkroken

Snarkjøp starta på Sørlandet, men har i dag butikkar over heile landet. To av dei nyaste butikkane ligg i Nord-Norge.

I Hennes i Vesterålen vart Matkroken-butikken stengt 31.desember i fjor.  No er butikken gjenopna med Snarkjøp-skilt på fasaden.

- Vi ville opne ein ny butikk så fort som mogleg. Det var Snarkjøp som raskast kunne få det til, seier assisterande butikksjef June Nicolaisen til Dagligvarehandelen.

På Arnøya i Nord- Troms har Ica hatt nærbutikk i 16 år. I februar vart Matkroken-butikken brått lagt ned. Bygdefolket mobiliserte og klarte å reise nærare 400.000 kr til ein ny daglegvarebutikk, med god støtte frå Merkur. For kort tid sidan opna Bygdebutikken i Snarkjøp-drakt.

- Vi valde Snarkjøp på grunn av fridomen. Kjeda har eit anbefalt sortiment og ingen varer som du er pliktig til å ta inn, seier kjøpmann Ann Kristin Henriksen til Dagligvarehandelen.

Mål om 50 butikkar

Tank Snarkjøp gjekk i fjor vinter ut og sa at dei håpte på at 50 nærbutikkar vil vere knytt til kjeda i løpet av to år. Målet skal vere 100 butikkar innan 2020.

- Vi får stadig spørsmål frå butikkar som ønskjer å vere med i Snarkjøp. Nokre er nyetableringar og nokre kjem frå andre kjeder, seier Per Eivind Vik til Handelsbladet.

Mange av dei som snuser på Snarkjøp, er bundne til femårs-kontraktar med den kjeda dei tilhøyrer i dag. Utan desse bindingane ville endå fleire ha gått over til Snarkjøp, meiner Vik.